Hopp til innhald
Oppgåve

Tiltak som fremjar sosial kompetanse

Kva tiltak kan fungere for å utvikle den sosiale kompetansen til barn og unge? Ein god relasjon til ein vaksen gir tryggleik, og gjer at barn og unge kan utforske og få gode erfaringar i sosial samhandling. Samtidig får dei rettleiing, hjelp og støtte av ein omsorgsfull og venleg vaksen.

Empati

  1. Korleis kan du vise empati?

  2. Korleis kan du hjelpe og støtte utviklinga av empati hos barn og unge?

  3. Lag eit formingsuttrykk (teikning, måling, leire osb.) som illustrer omgrepet empati.

  4. Finn musikk og songar som handlar om empati. Diskuter med ein medelev eller fleire medelevar korleis de kan bruke musikk for å utvikle empatien til barn og unge.

Samarbeid

Orsak, ein feil oppstod ved lasting av ekstern ressurs. Prøv å laste inn sida på nytt.

Samarbeidsferdigheiter må lærast, på same måte som vi må lære å lese og skrive.

  1. Kva er gode samarbeidsferdigheiter? Korleis kan du lære barn og unge gode samarbeidsferdigheiter?

  2. Samarbeid to og to om å byggje ein båt av lego eller andre klossar. (Viss de ikkje har klossar eller lego i klasserommet, kan de lage eit puslespel saman.) De må bli einige om storleik, type båt, kva de skal gjere og korleis de skal utføre arbeidet. Gjennomfør bygginga saman. Etterpå diskuterer de følgjande spørsmål:

    • Korleis gjekk samarbeidet?

    • Korleis kommuniserte de? Var de høflege overfor kvarandre, oppmuntra de kvarandre undervegs?

    • Korleis motiverte de kvarandre?

    • Fekk alle på gruppa moglegheit til å uttrykkje idear og meiningar?

    • Korleis kan de samarbeide på ein god måte med andre? Beskriv kva som trengst for å få til eit godt samarbeid.

  3. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du vere ein god rollemodell for barna sitt samarbeid.

    1. Kva verdiar og haldningar meiner du er viktige for å vere ein god rollemodell i dette arbeidd?

    2. Kva eigenskapar har du som kan vere ein styrke i dette arbeidd?

  4. Korleis vil du oppmuntre barn og unge til å samarbeide på ein god måte?

  5. Korleis vil du støtte og hjelpe barn og unge som ikkje meistrar å samarbeide med andre? Beskriv og forklar kva du vil gjere.

  6. Finn ulike samarbeidsleikar/øvingar/aktivitetar på internett og prøv desse i klassen.

Sjølvhevding

Orsak, ein feil oppstod ved lasting av ekstern ressurs. Prøv å laste inn sida på nytt.
  1. Kva er sjølvhevding?

  2. Korleis kan du støtte barn og unge til å uttrykkje eigne meiningar i samhandling med andre?

  3. Korleis kan du hjelpe og støtte barn og unge som er beskjedne og redde for å mislykkast, til å ta kontakt med andre?

  4. Kva samanheng er det mellom medverknad og sjølvhevding?

  5. Å stå imot gruppepress krev sjølvtillit. Korleis kan du hjelpe og støtte barn og unge til å få styrkt sjølvtilliten?

  6. Korleis anerkjenner du barn og unge som seier kva dei meiner, og som seier frå viss dei opplever at du opptrer urettferdig? Beskriv kva du gjer og gi konkrete døme.

  7. Gå saman i grupper. Vel ei sak de har ulike meiningar om, som de kan diskutere. Øv på å få fram eigne meiningar, samtidig som de prøver å lytte, anerkjenne og forstå dei andre sine meiningar.

    • Korleis var det å få fram di eiga meining om saka, samtidig som du tok ansvar for at å forstå og anerkjenne meiningane til dei andre?

Sjølvkontroll

Orsak, ein feil oppstod ved lasting av ekstern ressurs. Prøv å laste inn sida på nytt.

Livet består av både sigrar og nederlag, og alle opplever å bli avvist i leik og aktivitet innimellom. Vi må lære oss å handtere dei kjenslene dette gir oss.

  1. Kvifor er det så viktig at vi vaksne forstår, respekterer og anerkjenner kjenslene til barn og unge?

  2. Korleis kan du hjelpe barn som har sterke kjensleuttrykk i sosiale situasjonar eller i konfliktar?

  3. Korleis kan du hjelpe barn og unge til å få positive tankar om seg sjølve, sjølv om dei har opplevd noko som er tøft og vanskeleg?

  4. Korleis kan du hjelpe og støtte barn som har blitt avviste av andre, slik at dei taklar kjensla og samtidig får tru på seg sjølv?

  5. Sjølvkontroll og sjølvregulering er noko vi utviklar gradvis gjennom heile barndommen. Diskuter med ein eller fleire medelevar: Kvifor er det viktig å hjelpe barn og unge til å bli rolege innvendig før vi forslår alternative løysingar?

  6. Lag ei kort digital forteljing eller film om korleis vaksne kan hjelpe og støtte utviklinga av sjølvkontroll hos barn og unge.

Ansvarskjensle

Orsak, ein feil oppstod ved lasting av ekstern ressurs. Prøv å laste inn sida på nytt.
  1. Korleis kan du hjelpe og støtte barn til å handle ansvarlege i ulike situasjonar?

  2. Korleis kan du hjelpe og støtte barn og unge til å vere ansvarlege og ta rette val i ulike situasjonar?

  3. Korleis kan du hjelpe og støtte barn og unge i konfliktar, slik at dei blir rusta til å ta ansvar, hevde seg og ha sjølvkontroll?

  4. Korleis kan du hjelpe barn og unge til å uttrykkje kjensler på ein formålstenleg måte, tilpassa situasjonen?

  5. Gå ein runde rundt skulen saman med ein medelev og diskuter følgjande spørsmål: Kva betyr ansvarskjensle for ein elev i barne- og ungdomsarbeidarfaget? Korleis kan de ta ansvar for det de seier og gjer? Finn konkrete døme på ansvarlege handlingar i skulekvardagen.

Venskap

  1. Kvifor er det godt å ha vener?

  2. Kva er ein god ven?

  3. Korleis kan vi få vener?

  4. Korleis kan vi behalde vener?

  5. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar hjelpe og støtte barn og unge til å få vener og halde oppe og utvikle venskap?

  6. Kva kan venskap bidra til med tanke på utvikling av sosial kompetanse? Gi døme og forklar.

  7. Lag ei liste over aktivitetar som du meiner vil bidra til å styrkje den sosiale kompetansen til barn og unge, og som bidreg til at dei tek kontakt og utviklar venskap.

Sjå filmen om boka Gleding! med Lykke og Wilmer skrive av Siri Abrahamsen.

  1. Kva for nokre sosiale ferdigheiter tenkjer du Lykke og Wilmer viser i boka?

  2. Korleis vil du bruke denne boka saman med barn? Beskriv kva du vil gjere, og grunngi kvifor.

  3. Filmen er laga for barn med nedsett høyrsel, som bruker teiknspråk til å kommunisere med. På kva måte kan denne videoen bidra til inkludering og fellesskap?