Korleis fremje kulturkompetanse?
I rammeplanen for barnehagen og SFO og i overordna del av læreplanverket blir det sett søkjelys på mangfald, respekt og inkludering. Det betyr at du som barne- og ungdomsarbeidar skal hjelpe barna med å akseptere og tolerere andre kulturar og verdisyn, mellom anna for å førebyggje utanforskap og jobbe for eit meir inkluderande samfunn.
Alle barn og unge, uansett funksjonsnivå, kjønn og sosial, etnisk eller kulturell bakgrunn skal kunne kjenne på verdien av å vere viktig i felleskapet. Som barne- og ungdomsarbeidar er det di oppgåve å sørgje for at dei kulturane som barna og ungdommane tilhøyrer, blir ein ressurs i det pedagogiske arbeidet.
Kjenner barna seg sette og aksepterte for den dei er, vil dei utvikle eit positivt forhold til seg sjølve og til eigen og andre sin kultur. Bidreg du til dette, fremjar du kulturkompetansen til barna.
Eit godt foreldresamarbeid vil vere til stor hjelp når ein skal jobbe med å utvikle kulturkompetansen til barn og unge. I nokre tilfelle kan det vere fint å bruke foreldre som informantar for den kulturen dei representerer, men bruk òg andre informasjonskanalar for å få eit utvida bilete av ein kultur.
Tilsette i barnehage og skule/SFO må sørgje for at barn og unge får oppleve at det finst ulike måtar å tenkje, handle og leve på. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du derfor fremje den forvitenskapen og undringa barn har over likskapar og forskjellar i samfunnet, og prøve å lære barna å sjå ting frå andre sin ståstad.
Det å gi barna kunnskap om andre kulturar og levemåtar utvidar forståinga deira. Ved aktivt å oppsøkje gode kjelder som gir nyanserte bilete av ulike kulturar, fremjar du kulturkompetansen til barna. Det er viktig å bruke kjelder som framstiller kulturane med respekt.
Barn og unge må lære seg sosiale ferdigheiter for å vite korleis dei skal oppføre seg og handle i møte med andre kulturar. Det kan vi hjelpe dei med å utvikle. I møte med andre kulturar er det viktig å vite kva som er passande og upassande åtferd, kva vi kan gjere, og kva vi ikkje bør gjere.
Gjennom heile livet tileignar vi oss haldningar som kjem fram i veremåten vår mot andre. Haldningar er ofte noko vi umedvite tek over frå foreldra våre eller andre viktige vaksne, eller frå vener som vi identifiserer oss med. Haldningane våre viser seg ofte når vi uttrykkjer noko verbalt, i kjenslemessige reaksjonar og handlingar, men dei kan endre seg etter kvart som vi tileignar oss ny kunnskap og nye erfaringar.
Tema som de kan jobbe med i barnehage, skule og SFO:
menneske frå ulike kulturar
musikk frå andre kulturar
mat frå andre kulturar
ulike trusretningar
ulike høgtider og merkedagar
ulike samlivsformer
kor ulike vi menneske er
ulike flagg
ulike dialektar og språk
ulike plantar og dyreartar i verda
Utfordringar til deg
Kvifor må barn og unge utvikle kulturkompetanse?
Korleis kan du utvikle din eigen kulturkompetanse?
Korleis kan du støtte utviklinga av barn og unge sin kulturkompetanse?
Korleis skal du jobbe for at barn og unge ser at du har kulturkompetanse?
Lidèn, H. (2007). Barn og migrasjon. Mobilitet og tilhørighet. Universitetsforlaget.
Rigi, G. (2017). Kulturell kompetanse i grunnskolen. [Masteroppgåve]. Universitetet i Oslo. https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/58169/1/kulturell-kompetanse-i-grunnskolen.PDF
Sundfjord, S. (2019). Integrering av kulturkompetanse. UiT Noregs arktiske universitet. https://uit.no/prosjekter/prosjektsub?p_document_id=349411&sub_id=426087
Thunem, G. (u.å.). Fleirkulturell forståing og kommunikasjon. Bibliotekutvikling.no. https://bibliotekutvikling.no/konflikthandteringibiblioteket/flerkulturell-forstaelse-og-kommunikasjon/