Hopp til innhald

Fagstoff

Produksjon av 360-video

Interessa for å vise fram bilete på nye og spennande måtar har alltid vore til stades. Mange veit at det første fotografiet i verda blei eksponert i 1826 av J. N. Niépce, men visste du at det berre tok 31 år før M. Garrela (England) i 1857 tok patent på det første panoramakameraet i verda?

Sjå 360-video: Sett på filmen og beveg deg rundt med musepeikaren. Produsert av Strømmestiftelsen.

Opptak til 360 krev stort sett berre eit kamera og programvare for å setje bilete eller videoopptak saman. Det er mykje enklare enn den gamle, kjemiske prosessen det var å framkalle bilete før i tida.

Produksjon av 360

Fotograf teipar fast eit 360-kamera til eit lasteplan. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å arbeide med produksjon av 360-gradarsprodukt er ikkje så veldig annleis enn andre produksjonar. Du har i grove trekk planlegging, opptak og etterbehandling på same måte som ved andre medieproduksjonar.

Før vi tek for oss opptak av 360, skal vi sjå nærare på enkelte ting det kan vere greitt å ha kjennskap til på førehand.

360 eller ikkje?

Den første vurderinga du må gjere, er om 360 er den beste løysinga for formålet. Dersom det ikkje er nødvendig å kunne snu seg rundt og sjå seg om, er det kanskje heller ikkje nødvendig å bruke 360. Du risikerer at publikum snur seg bort og ikkje følger med.

"Del opplevinga" er 360 sin største styrke

Ein vanleg film er på ein måte eit teater på ein skjerm, der publikum sit i salen og følger med. Rett bruk av 360 gir publikum høve til sjølv å vere til stades på scenen der handlinga skjer.

Eit godt døme på dette er filmen Free Solo 360, der publikum får vere med på ein utfordrande klatretur.

Free Solo 360 på National Geographics YouTube-kanal

Tenk over

Korleis kan du plassere kamera slik at publikum verkeleg "står i det" og dermed får delta i opplevinga?

"Merksemd" er 360 si største svakheit

Du veit aldri i kva retning publikum rettar merksemda si. Slik er 360-produktet av natur, men det finst hjelpemiddel for å bidra til å leie merksemda rett veg. To viktige verkemiddel er rørslelinjer og lydar.

  • Rørslelinjer: Skap ei tydeleg handling som gjerne beveger seg mot og forbi kamera. Dette blir eit blikkfang og skaper nysgjerrigheit. Samtidig vil ei tydeleg rørslelinje sørge for at publikum aktivt må ta del i opplevinga ved å snu seg i scenen for å følge handlinga.
  • Bruk lyd: Handlinga kan gjerne underbyggast av tydelege lydar for å forsterke inntrykka. Har ein høve til å bruke stereolyd, vil dette i tillegg kunne leggast på øyra, slik at ein får ein romleg effekt. Det betyr enkelt forklart at lyden er kraftigast på høgre øyre om noko skjer i den retninga. På den måten vil lyden bidra til at publikum lettare kan snu seg etter kvar handlinga går for seg.

360-opptak

Fotograf og reportar i arbeid med filming. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opptaket dekker 360 gradar, så det er ingen stader å setje frå seg til dømes tekstplakatar, rekvisittar e.l. Det du har tenkt å seie i scenen, må du hugse heilt sjølv. Alt av kameracrew og andre interesserte gøymer seg under heile opptaket.

I eit filmopptak følger regissøren nøye med frå stolen sin bak kamera. Den største utfordringa med 360-opptak er at det er vanskeleg for fotografen å følge med på alt som skjer samtidig.

Har alle forstått kva dei skal gjere? Er nokon uheldige og kikkar i kamera eller gjer noko anna rart som kan øydelegge opptaket?

Det same gjeld for 360-produksjonar, men her finst det ikkje noko "bak kamera" – alt blir jo filma. Ofte må du ligge og gøyme deg og følge med via ein liten mobilskjerm eller liknande, og det er ikkje lett når du i tillegg må skrolle mellom ulike stader skodespelarane er plasserte i biletet.

Etterbehandling av video og bilete i 360

Eit 360-kamera består ofte av fleire mindre vidvinkelkamera, så må opptaka overlappast og syast saman i etterkant. Dette blir gjerne gjort i ei eiga programvare utvikla av kameraprodusenten.

Utover dette kan du etterbehandle opptaka som eit vanleg videoprosjekt eller vanlege biletfiler.

Publisering

Mange av dei store nettselskapa har lagt til rette for opplasting av 360-videofil. Hos enkelte tilbydarar er det faktisk berre snakk om å krysse av for at "Innhaldet er 360", og så har du publisert eit ferdig 360-produkt som kan nyttast på PC, Mac og mobil, med eller utan VR-briller.

For stillbilete har NDLA sjølv stått sentralt i utviklinga av ei programvare for visning av 360-bilete. Her kan du laste opp enkeltbilete eller setje saman fleire 360-bilete til eigne opplevingsrom.

Programvara heiter Virtual Tour (360)

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2019

Læringsressursar

Videoproduksjon