Hopp til innhald

Fagstoff

Biletkomposisjon i film

Tenk fotografering når du filmar! Plasser det viktigaste elementet i det gylne snitt. Lat gjerne linene i biletet peike mot hovudmotivet. Ha alltid luft i blikkretninga og luft i rørsleretninga.

Denne videoen er laga av elevbedriften Røver UB ved Elvebakken vidaregåande skule på bestilling frå NDLA.

Ver medviten når du filmar

Når du fotograferer eller filmar, er det viktig å tenkje på kor du plasserer dei ulike karakterane eller objekta i biletet. Måten objekta er plasserte på, kan formidle harmoni eller disharmoni, makttilhøve eller forholdet karakteren har til verda rundt seg. Det finst fleire grunnleggjande reglar for korleis ein bør komponere eit bilete.

Det gylne snitt

Den klassiske måten å komponere eit bilete på, er det som blir kalla det gylne snitt. Heilt frå antikken av blei dette prinsippet brukt til å skape harmoni i biletet. Ei røff tilpassing til dette prinsippet er å dele inn biletet i tre delar, horisontalt og vertikalt. Plasser så hovudmotivet i eit av desse kryssingspunkta.

Luft i blikkretninga

Hugs alltid å ha luft i blikkretninga. I eit intervju er det viktig at intervjuobjektet er plassert slik at han eller ho har luft i blikkretninga. Dersom ein person blir plassert mot kanten av biletet, er resultatet eit disharmonisk uttrykk. Personen er «trengt opp mot veggen».

Luft i rørsleretninga

Du bør også ha luft i den retninga objektet beveger seg i. Då får vi ei oppleving av fart inn i biletet og ikkje ut av biletet.

Djupne i biletet

Spesielt ved totalbilete er det viktig at biletet ditt ikkje verkar flatt. Då må du sjå føre deg biletet som om det var tredimensjonalt. Tek du med ein blome eller nokre grasstrå i forgrunnen, samstundes som du får med landskapet i bakgrunnen, skaper du djupne i biletet.

Liner i biletet

Tenk også over linene i biletet. Spesielt interessant blir det dersom linene peikar mot hovudmotivet. Filmskaparen Roy Andersen bruker mange totalbilete i filmane sine. Både i Songar frå andre etasje (2000) og Du levande (2007) bruker han djupne og liner i biletet som aktive forteljarelement.

Djupneskarpleik

Dersom du ønskjer å framheve ein karakter i forgrunnen, og ønskjer at andre element i biletet skal vere uskarpe i bakgrunnen, kan du fokusere på karakteren og bruke stor blendaropning. Dersom du derimot ønskjer at både forgrunn og bakgrunn skal vere like tydelege, kan du bruke liten blendaropning.

CC BY-SASkrive av Sissel Stokkedal.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2022

Læringsressursar

Videoproduksjon