Hopp til innhald

Fagstoff

Kontinuitetsklipping

Kontinuitetsklipping betyr at du vel klipp som skaper ein mjuk overgang mellom bileta dine. Rekkefølgja på bileta skaper samanheng og meining, og redigeringa blir opplevd nærmast som usynleg.

Når vi ser to bilete etter kvarandre, leiter hjernen vår etter ein samanheng. Dersom du ser ein person som roper, vil du gjerne vite kvifor i neste bilete. Med kontinuitetsklipping er målet å fortelje ei historie med mjuke klipp, slik at publikum uforstyrra kan leve seg inn i historia.

Den klassiske forteljande filmen og den typiske Hollywood-filmen har kontinuitetsklipping som ideal. Overgangane mellom klippa skal vere så usynlege som mogleg.

Tips til kontinuitetsklipping

  • Unngå klipp mellom like bilete

    Klipp mellom ulike biletutsnitt og kameravinklar. Ver bevisst når du lagar storyboard, det er for seint når opptaka er gjort. Dersom utsnitta og kameravinklane blir for like, får du såkalla jump-cut. Då opplever vi eit hopp eller rykk når biletet skiftar. Jump-cut kan elles brukast bevisst som eit verkemiddel, til dømes for å skildre ei sinnsstemning eller signalisere forteljarnærværet i filmen.

  • Ikkje klipp i kamerarørsler

    Klipping i kamerarørsler kan òg gi brå og harde klipp. Under opptaket må du bestemme deg for kvar rørsla skal byrje og slutte. Start og avslutt ei kamerarørsle med eit fast bilete. Ei kamerarørsle bør vere motivert. Dersom ein person ser mot eit objekt, kan kamerarørsla følgje med i retning av objektet.

  • Utnytt blikkretninga

    Eksempel: Ein person ser ein fugl. Vis først eit bilete av personen. Deretter viser du eit bilete av fuglen, før du vender tilbake til eit nærbilete av personen.

  • Utnytt blikkpunktet

    Dersom hovudmotivet er på same stad i to bilete som følgjer etter kvarandre, vil auget raskt finne att motivet, og klippet blir opplevd som mjukt. Hugs òg at vi les frå venstre mot høgre. Dersom den viktigaste informasjonen blir lagt lenger til høgre i biletramma enn i det førre biletet, vil vi oppleve det som eit hopp i redigeringa.

  • Klipp i rørsla til motivet

    Dersom du har fleire bilete der personen rører på seg, kan du klippe mellom ulike utsnitt av motivet. Det beste er å klippe i starten eller i slutten av rørsla. Sidan motivet rører på seg, legg vi mindre merke til klippinga mellom opptaka.

CC BY-SASkrive av Sissel Stokkedal og Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 27.11.2019

Læringsressursar

Videoproduksjon