Produksjon av TV-underhaldning
Eurovision Song Contest, Super Bowl og Oscar-utdelinga er blant dei største TV-produksjonane i verda målt i talet på sjåarar. Har du nokon gong tenkt på kor mange menneske som er involverte i å lage desse showa? Slike produksjonar krev at det er mange folk i arbeid, og at dei klarer å samarbeide på tvers av yrkesrollene sine.
Å lage ein større TV-produksjon kan samanliknast med ein fotballkamp. Alle må yte sitt beste på den plassen dei har fått tildelt, og lagkameratane må kunne stole 100 prosent på kvarandre.
I produksjonsmiljøet finst det mange ulike yrkesvegar. Nokre roller krev at du er kreativ og omgjengeleg, andre delar av produksjonen treng folk som forstår seg på logistikk eller tekniske detaljar. Nedanfor ser du nokre av rollene som kan inngå i ein større TV-produksjon.
NRK, Banijay Group, Fremantle, Nent Studios og Monday Media står bak mange av underhaldningsprogramma vi ser på TV. NRK produserer nokre av sine eigne program sjølv, slik som talkshowet Lindmo, songkonkurransen Beat for Beat og satireprogrammet Nytt på Nytt.
Mange andre populære underhaldningsprogram blir likevel produserte av eksterne selskap, på oppdrag for NRK eller andre TV-kanalar.
På nettsidene til produksjonsselskapa kan du lese meir om innhaldsproduksjonen deira: