Hopp til innhald

Fagstoff

Videokameraet – eksponering og blendar

Det finst utruleg mange ulike typar videokamera. Sjølv om dei kan vere ganske ulike, er det fleire grunnleggjande funksjonar som går att på alle. Desse skal vi sjå nærmare på her.

Dei fleste videokamera består av eit kamerahus med ein biletsensor. Det er biletsensoren som blir eksponert for lys og dannar dette lyset om til elektriske signal. Ytst på kameraet finn vi objektivet. På dei fleste tradisjonelle videokameraa er optikken fast, men på spegelreflekskameraa kan vi skifte ut optikken.

Med eit DSLR-kamera, eit digitalt spegelreflekskamera, er det mindre høve til å ta opp lyd. Det er i utgangspunktet laga for fotografering av stillbilete. I staden går det an å ta opp lyden gjennom ein ekstern lydopptakar og synkronisere lyden til bileta i redigeringa.

Lær deg manuelle innstillingar

Dei fleste videokameraa lèt deg velje mellom automatiske og manuelle innstillingar. Det aller beste er å lære seg dei manuelle innstillingane med éin gong, anten det gjeld å stille fokus, justere lydnivå manuelt eller stille kvitbalansen. Når du bruker manuelle innstillingar, har du mykje betre kontroll over korleis det ferdige resultatet blir.

Blendaren

Blendaren justerer kor mykje lys som blir sleppt inn i kameraet. Jo lågare blendartal, jo meir lys blir sleppt inn til biletsensoren. Jo høgare blendartal, jo mindre lys blir sleppt inn.

Biletet viser storleiken på blendaropningar frå 2,8 til 8. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Med blendaren påverkar ein også djupneskarpleiken i biletet. Om du har ei stor blendaropning, blir det liten djupneskarpleik.

To portrett med ulik djupneeskarpleik. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mange videokamera gir deg høve til å justere blendaren ved hjelp av eit eige hjul på objektivet. På spegelreflekskamera blir blendaren justert på sjølve kamerahuset. Å finne rett eksponering kan vere vanskeleg. Ein må passe på at biletet verken blir for mørkt eller for lyst (utbrent).

På dei fleste videokameraa finst det ein hjelpefunksjon som blir kalla zebrastriper. Desse fortel deg kva parti av biletet som er utbrent. Har du mykje zebrastriper i biletet ditt, bør du justere blendaren slik at biletet blir litt mørkare.

Fokus

På objektivet sit fokusringen. Ved å vri på han stiller du biletet skarpt. Av og til kan det vere vrient å stille rett fokus. Om du for eksempel skal filme eit menneske, kan eit tips vere å zoome inn på auga til personen og stille skarpt, før du zoomar ut til det utsnittet du ønskjer. Når vi zoomar inn eller ut, endrar vi brennvidda.

Eit anna tips er å undersøkje om kameraet du bruker har ein «focus assist»-funksjon. Om du trykkjer inn denne, zoomar kameraet digitalt inn på det du ønskjer å stille fokus på slik at du lettare ser om biletet er skarpt. Hugs: Bruk aldri autofokus!

Kvitbalanse

Kvitbalanse handlar om å få rett fargetemperatur på filmen. Fargetemperatur blir målt i kelvingradar, K. Dei mest brukte fargane i filmsamanheng er utandørs lys, 5600 K, og innandørs lys, 3400 K.

ISO og gain

ISO er ein funksjon på DSLR-kameraa som gjer at ein kan justere kor lysømfintleg biletsensoren skal vere. Dei vanlegaste ISO-verdiane er 200 til 800. Dersom du filmar når det er ganske lyst, bør du bruke låg ISO-verdi, til dømes 200 til 400. Jo mørkare det er, jo høgare ISO-verdi. Går du mykje høgare enn 800 ISO, vil det gå ut over biletkvaliteten, og bileta vil bli veldig kornete.

Gain er ein funksjon som finst på ein del videokamera, og som minner litt om ISO. Når ein «gainar» videosignalet, blir lyssignalet som kjem inn i kameraet, sterkare. Derfor skal ein vere litt forsiktig med å bruke gainfunksjonen. Bruker ein høg gain, vil biletet bli veldig kornete. Gain blir målt i desibel (dB).

ND-filter

ND-filter er eit slags grått filter som blir plassert over linsa. Det fungerer som solbriller for kameraet. Enkelte kamera har innebygd ND-filter.

CC BY-SASkrive av Martin Aune Walther.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Videoproduksjon