Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein forklaringsvideo om fagstoff

Nokon lærer av å lese, sjå gjennomgang på tavla, lytte til ein lærar, diskutere eller sjå på filmdøme. No skal du sjølv lære fagstoff ekstra godt gjennom å setje deg inn i det og presentere det for medelevar. Lag ein forklaringsvideo om eit fagleg tema på utdanningsprogrammet ditt.
Filmrull. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rammer for oppgåva

  • Lag ein forklaringsvideo om eit fagleg tema på utdanningsprogrammet ditt.
  • Medelevane er målgruppa di.
  • Bruk fagomgrep.
  • Bruk ein visuell stil som innbyr til læring og treffer målgruppa.
  • Filmen skal vare mellom 3–5 minutt.
  • Filmen skal bestå av minst tre medietypar, til dømes tale, tekst og bilete.
  • Gi opp kjelder du har brukt til å hente inn informasjon.
  • Størstedelen av visuelt materiale som foto, grafisk design og video skal vere produsert av deg.
  • Det skal tydeleg komme fram kva du har produsert og kva som er produsert av andre.
  • Skriv eit notat om førebuingsdelen, produksjonen og sluttproduktet ditt, eller fortel om dette som ein del av presentasjonen.

Førebuing

Start med å sjå på minst tre ulike forklaringsvideoar på nett. Kva er gode kvalitetar ved desse, og er det noko som ikkje er optimalt? Kva medietypar blir brukte, og korleis er videoane bygd opp? Noter ned.

Set deg inn i temaet ditt, lær deg fagstoffet og planlegg korleis du kan lage ein forklaringsvideo om dette. Kva må vere med, og kva er mindre viktig? Korleis skal du introdusere temaet? Korleis kan du produsere det aller meste sjølv? Noter ned kjelder og informasjon.

Produksjon

Gjer opptak, utform visuelt materiale, ver nøye med at du får gode lydopptak. Rediger og set saman, legg på vignett. Filmen skal vere i breiddeformat.

Test og sjekk produksjonen din på andre før du leverer frå deg. Be dei gi tilbakemelding på utforming, tempo, lyd og læringsutbytte.

Nokre tips når du skal lage forklaringsvideo

  • Kommuniser tydeleg, ha god lesbarheit på tekst og ha rein og klar lyd.
  • Ver engasjert når du snakkar, ikkje les frå manus.
  • Bruk visuelle element som bilete, grafisk design og video.
  • Ikkje ha for mykje informasjon i ruta på ein gong.
  • Viss du skal gjere skjermopptak, er OBS studio eit godt alternativ. Det er eit ope, gratis verktøy utan reklame.

Temaforslag

Nettvett

Personvern

Datasikkerheit

Algoritmar

Programmering

Universell utforming

Berekraft innan IT

Beskriv og forklar ein sentral datakomponent

Teknikk med spegelreflekskamera

Korleis gjere lydopptak

Sentrale verktøy i programvare

Setje opp databasar

Mediepåverknad

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Videoproduksjon