Hopp til innhald

Fagstoff

Synopsis, manus og storyboard

Ein god idé og eit godt forarbeid er viktig når du skal lage film. Du må tenkje gjennom kven og kva filmen skal handle om, og korleis dramaturgien i filmforteljinga di skal vere.
Person som skriver filmmanus på PC. På bordet storyboardskissser. fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Synopsis

Når du har ein idé til filmen du skal lage, må du skrive ein synopsis. Det er ein kort tekst der du forklarer korleis historia skal byggjast opp i filmen din. Her bør du også få med dei viktige dramaturgiske elementa. I ein synopsis skal du altså spesifisere:

  • hovudkarakter (protagonist)

  • motstand (antagonist)

  • hovudkonflikt

  • mål

  • vendepunkt

  • klimaks

  • løysing

    Eksempel på synopsis

Manus og storyboard

Før du går i gang med filmopptak, må du skrive eit filmmanus. Eit filmmanus er ei beskriving av handlinga og replikkane i filmen, altså det vi seinare skal sjå og høyre.

Filmmanuset skal beskrive korleis historia skrid fram frå A til Å. Før du går i gang med å skrive manuset, må du ha tenkt nøye gjennom korleis filmforteljinga di skal byggjast opp, det vi kallar dramaturgien i forteljinga. Det kan du lære meir om i læringsstien om dramaturgi.

Når manuset er ferdig, må du overføre det til eit storyboard. Her teiknar du det publikum skal få sjå. Eit storyboard er ei oversikt over alle biletinnstillingane du treng for å fortelje historia di.

Konflikt og motstand

Ei filmhistorie består av ein serie av hendingar som skjer når ein hovudperson forfølgjer eit mål. Du må derfor ha klart for deg kven filmen skal handle om. Denne personen kallar vi hovudkarakteren, eller protagonisten.

Hovudkarakteren skal heilt i starten hamne i ein konflikt. Det kallar vi hovudkonflikten. Hovudkonflikten driv handlinga framover gjennom heile filmen, og løysinga kjem i vendepunktet mot slutten av filmen. Der må hovudkarakteren gjere eit val. Hovudkarakteren skal altså kjempe seg gjennom konflikten mot eit mål som finst langt framme.

I tillegg skal det vere motstand i filmen. Det skal vere menneske og/eller objekt som gjer det vanskeleg for hovudkarakteren å nå målet sitt. Dette skaper spenning i dramaet. I filmspråket kallar vi dei for antagonistar. Mot slutten av filmen tilspissar konflikten seg, og filmen er på sitt mest spennande. Dette kallar vi klimaks i filmen.

CC BY-SASkrive av Martin Aune Walther.
Sist fagleg oppdatert 01.09.2021

Læringsressursar

Videoproduksjon