Hopp til innhald

Fagstoff

Mediesjangrar og medietekstar sin funksjon

Dagens medierøyndom består av eit mangfald av ulike medieaktørar og mediesjangrar. Når du skal produsere og analysere ulike medieuttrykk, kan du ta utgangspunkt i sjangertrekk og funksjon. Medieuttrykk kan delast inn i ulike kategoriar etter kva slags funksjon og føremål stoffet har.
Cinemagraph av to hender og ein mobil. Den høgre tommelen skrollar på mobilen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mediesjangrar

Ein mediesjanger er ein viss type medietekst som byggjer på ein sosial konvensjon, ein slags avtale mellom avsendar og mottakar. Når vi skal bestemme kva sjanger eit medieuttrykk tilhøyrer, tek vi derfor utgangspunkt i nokre kjenneteikn, eller sjangertrekk. Det kan dreie seg om

  • innhald eller tematikk

  • spesielle trekk ved formgivinga og komposisjonen

  • relasjon til røyndommen

  • føremål med medieuttrykket

Les meir i artikkelen "Kva er ein sjanger?"

Medietekstar sin funksjon

Medieuttrykk har ulike funksjonar i samfunnet. Dei kan opplyse, vri på sanningar og få folk til å meine og handle. Dei kan bevege oss enkeltvis, og dei kan også føre til endringar i samfunnet. Medieuttrykk kan delast inn i kategoriar etter kva funksjon stoffet har.

Journalistikk

Journalistikk består av medieuttrykk som er fakta- og opplysningsorienterte, som til dømes nyheitssaker, aktualitetsstoff og kommentarar.

Føremålet med medieuttrykk innanfor journalistikk er å formidle informasjon som gjer at folk kan delta i samfunnsdebatten og ta medvitne val. Journalistikken er dessutan viktig for å avsløre maktmisbruk og kritikkverdige forhold hos styresmaktene.

Eit døme på ei nyheitssak er artikkelen "Politiet åpner etterforskning av stortings­politikere og pendlerleiligheter" på E24.

Les meir i artikkelen "Journalistiske sjangrar".

Kommunikasjonsarbeid

Kommunikasjonsarbeid er planlagt kommunikasjon der lojaliteten ligg hos ein oppdragsgivar. Føremålet med medieuttrykk innanfor kommunikasjonsarbeid er å formidle informasjon eller bidra til å forme haldningane til mottakarane. Den planlagde kommunikasjonen skal sikre omdømmet og interessene til verksemda.

Kommunikasjonen blir produsert i ulike sjangrar og format. Informasjonstiltak innanfor kommunikasjonsarbeid kan til dømes vere pressekonferansar, pressemeldingar og haldningskampanjar.

Døme på informasjonstiltak innan kommunikasjonsarbeid:

Marknadskommunikasjon

Marknadskommunikasjon omfattar all kommunikasjon mellom bedrift og kunde som har som føremål å styrkje sal og inntening i ei bedrift. Føremålet med medieuttrykk innanfor marknadskommunikasjon kan vere å skape tillit og kjennskap til produkt og verksemd, informere om produkteigenskapar og motivere til kjøp.

Reklameplakatar på buss og trikk, annonsar i aviser og sosiale medium og reklamefilmar i ulike format er døme på medieinnhald innanfor marknadskommunikasjon.

Eit døme på marknadskommunikasjon ser du i TexMex-reklamefilmen om ostebakte tacoskjel frå Rema 1000.

Underhaldning

Underhaldning er medieinnhald som først og fremst har som føremål å gi publikum ei emosjonell oppleving. Underhaldning består av eit breitt spekter av medieuttrykk som er humoristiske, spennande eller estetisk tiltalande. Underhaldningsbransjen består av mange ulike aktørar.

Eit døme på underhaldning er røyndomsserien GYM på NRK.


CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen, Albertine Aaberge, Ragna Marie Tørdal og Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2022

Læringsressursar

Medieaktørar og mediesjangrar