Oppgåve
Beskriv nettsjangrane
Firmanettstader, innlegg i sosiale medium og søkjemotorar er døme på nettsjangrar. Finn eit døme og beskriv sjangeren.
Still desse spørsmåla til kvar av sjangrane nedanfor:
- Kva relasjon har innhaldet til røynda? Er innhaldet fakta eller fiksjon, eller er det ein kombinasjon?
- Kva kjenneteiknar innhaldet og tematikken?
- Kva for særtrekk har formgivinga, komposisjon og navigasjon?
- Kva er føremålet med nettsjangeren?
Kva er dei viktigaste fellestrekka for medieuttrykk innanfor kvar av dei tre sjangrane?
Finn eit døme på ein nettstad for ei lokal verksemd. Ta utgangspunkt i denne nettstadet og beskriv typiske konvensjonar for sjangeren.
Finn eit innlegg på Facebook eller eit anna sosialt medium. Ta utgangspunkt i dette innlegget og beskriv typiske trekk ved innlegg i sosiale medium.
Finn ulike søkjemotorar. Gjer fleire ulike søk på ulike søkjemotorar, og vel eit typisk søk som er representativt for mange søk. Ta utgangspunkt i dette søket og beskriv typiske sjangertrekk for arkiv og søkjemotorar.
- Samanlikn med andre elevar og ta ei felles oppsummering i klassen på kva som kjenneteiknar sjangrane firmanettstad, SoMe-innlegg og søkjemotorar.
- Diskuter kva for andre nettsjangrar det kunne vere interessant å undersøkje.