Mange bedrifter bruker influensarar for å promotere produkta sine. I denne oppgåva skal du vurdere og diskutere influensarrolla.
Oppgåver:
- Forklar med eigne ord kva ein influensar er.
- Vurder kvifor du trur at så mange av oss blir påverka av influensarar.
- Forklar med eigne ord kva som blir meint med influensarmarknadsføring.
- Kvifor trur du at mange bedrifter vel å nytte influensarar i marknadskommunikasjonen sin?
- Det finst fleire verksemder som legg til rette for samarbeid mellom annonsørar og influensarar. Sjå om du kan finne døme på slike verksemder, og sei noko om korleis dei arbeider.
- Diskuter følgjande påstand med ein eller fleire medelevar: «Det er viktig for meg berre å følgje influensarar som viser klart og tydeleg om innlegg er kjøpte og betalte.»
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2021