Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag reklame i nyheitsformat

I denne praktiske oppgåva skal du låne sjangertrekk og verkemiddel frå nyheitsjournalistikken og lage reklame for eit produkt.
Ein teikna person held ein ropert i den eine handa og penn og papir i den andre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Medieuttrykk kan delast inn i ulike kategoriar etter kva funksjon og føremål stoffet har.

Men nokre gonger flyt sjangrane litt over i kvarandre. Reklame kan til dømes bli formidla på ein fakta- og nyheitsbasert måte, det vil seie at han låner sjangertrekk og verkemiddel frå journalistikken. Dette skal vi sjå nærare på i denne oppgåva.

Arbeidsoppdrag: Lag reklame med sjangertrekk og verkemiddel frå nyheitsjournalistikken

Lag ein salsreklame for eit sjølvvalt produkt. I reklamen skal du nytte deg av sjangertrekk og verkemiddel som vanlegvis blir brukte i nyheitsjournalistikk.

Reklamen skal altså verke sakleg og fakta- og opplysningsorientert. Føremålet er å skape tillit og kjennskap til salsproduktet. Reklamen skal informere om ulike produkteigenskapar og motivere til kjøp.

Tips til framgangsmåte:

  • Repeter kva som kjenneteiknar journalistikk og marknadskommunikasjon.

  • Bestem deg for kva produkt du vil lage reklame for.

  • Identifiser og definer målgruppene du vil treffe med reklamen.

  • Formuler målet og føremålet med reklamen.

  • Bygg opp reklameteksten med element du kjenner frå nyheitsjournalistikken, som tittel, ingress, brødtekst, bilete og bilettekst. Skap samanheng mellom dei ulike elementa.

  • Bruk skrivemodellen den omvende pyramiden.

  • Du skal nytte etiske normer for marknadskommunikasjon og gjeldande lovverk i produksjonen.

Oppsummering

  1. Presenter reklamen for ein medelev

    1. Kva er bodskapen i reklamen?

    2. Kven er avsendaren?

    3. Kva verkemiddel og sjangertrekk har du nytta i reklamen?

    4. Verkar reklamen som fakta- og opplysningsorientert? På kva måte?

    5. På kva måte skaper reklamen tillit og kjennskap til salsproduktet?

    6. Korleis motiverer reklamen til kjøp?

    7. Korleis har du nytta etikk og lovverk i produksjonen?

  2. Diskuter spørsmål

    1. Kva er dei viktigaste forskjellane på journalistikk og marknadskommunikasjon?

    2. Kvifor er det viktig å kunne kjenne igjen verkemiddel og sjangertrekk i ulike medieuttrykk?

    3. Kvifor er det viktig å kunne kjenne igjen avsendarar av ulike mediebodskapar og kritisk vurdere kva som er hensikta med kommunikasjonen?

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 03.02.2022

Læringsressursar

Medieaktørar og mediesjangrar