Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Personifikasjon

Oppgåve 1

Høge steinvollar spreier seg i vifteform nedover ei fjellside. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Setningane under er henta frå ulike avistekstar. Dei inneheld alle døme på personifikasjon. Finn dei.

  1. Dei sa det var trygt her. Tanken på skred har aldri slått oss.
  2. Søvnløyse råkar dei fleste av og til, men som oftast berre som eit forbigåande problem.
  3. Koleraen knegar Zimbabwe.

Oppgåve 2

Hagemøblar dekt i snø. Snøkledde frukttre i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ta utgangspunkt i fotografiet ovanfor og lag ei setning som inneheld ein personifikasjon.

Oppgåve 3

Les det korte utdraget frå Kahlil Gibrans bok Profeten nedenfor.

  1. Kva for abstrakte omgrep er personifiserte her?
  2. Forklar med eigne ord kva Gibran meiner om glede og sorg.
  3. Kva oppnår forfattaren ved å bruke nettopp denne uttrykksmåten i staden for ei sakleg og nøktern forklaring?

Profetens syn på glede og sorg

Nokre av dykk seier: "Gleda er større enn sorga", og andre seier: "Nei, sorga er størst." Men eg seier dykk at dei følgjer i fotefara til kvarandre. Saman kjem dei, og når den eine sit med deg ved bordet, skal du hugse at den andre søv i senga di.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl og Cecilie Isaksen Eftedal.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2019

Læringsressursar

Språklege verkemiddel