Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Allusjon

Oppgåve 1

Sjå reklamefilmen frå Fjordland.

  1. Hovudpersonen og historia han fortel, er ein allusjon til ei kjend folkevise. Forklar samanhengen mellom filmen og visa. (Du finn visa om Per Spelmann på Nynorsk kultursentrum).
  2. Korleis passar historia om Per Spel(le)mann saman med produkta til Fjordland?

Oppgåve 2

Les diktet "Roser er døde" av elev Ingrid Flatland Larsen nedanfor.

  1. Heile diktet peiker til ein annan tekst. Kva for ein?
  2. Bodskapen i dette diktet står i klar kontrast til bodskapen i originalen.
  3. Kva for nokre ord understrekar denne kontrasten?

Roser er døde

Roser er døde
Fioler er grå
Druer er sure
Når DU er like så.

Oppgåve 3

Les diktet "At være, eller?" av Ina Schmidt.

  1. Kva for eit kjent sitat av ein engelsk forfattar skjuler seg bak denne teksten?
  2. Kva slags SMS kan det vere personen i diktet ventar på, trur du?
  3. Har originalsitatet noko å seie for korleis du oppfattar teksten? Grunngi svaret ditt.

At være, eller?

Er der en sms
eller er der ikke en sms

Det er spørgsmålet

Oppgåve 4

Nedanfor ser du biletet "Opera under vann" av Rolf Groven.

  1. Her har kunstnaren lånt eit motiv frå eit berømt måleri av ein annan norsk kunstnar. Kva heiter dette måleriet, og kven har måla det?
  2. Kva for eit operahus er avbilda i Grovens måleri?
  3. Korleis tolkar du dette biletet? Grunngi svaret ditt.
Maleri som viser et undervannslandskap. I bakgrunnen operabygningen i Oslo, i forgrunnen motivet fra maleriet Skrik av Edvard Munch. Fargene på bildet er skitne grønn- og blåtoner..

Relatert innhald

Les om allusjon som språkleg verkemiddel.

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl og Cecilie Isaksen Eftedal.
Sist fagleg oppdatert 18.12.2018

Læringsressursar

Språklege verkemiddel