Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Symbol

Oppgåve 1

Sannsynlegvis bruker du symbol kvar dag, for når du kommuniserer med andre via mobilen, vel du ofte emojiar i staden for bokstavar.

  1. Kva betyr symbolikken i samtalen under? Skriv samtalen med berre bokstavar.
  2. Sjå på den siste samtalen du hadde med nokon på mobilen. Kva symbol bruker du mest, og kva betyr dei?
Ein sms-samtale med emojis:

Spørsmål: "Blir du med i dag"?
Svar: To gråteandlet
Spørsmål: "Men om det berre blir oss to då? Tre hjarter.
Svar: Emojien High ten.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2

Statuer av Vigeland. Personane strekker hendene mot himmelen samstundes som blikka er vende oppover. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjå på biletet ovanfor. Kva kan kroppsspråket til dei to figurane symbolisere?

Oppgåve 3

Flagg med fire vertikale fargeband, raudt, grønt, gult og blått. Ein tofarga sirkel i blått og raudt overlappar fargebanda. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her ser du det samiske flagget. Kva symboliserer ringen og dei ulike fargane? Bruk Internett om du ikkje kan svaret.

Oppgåve 4

Månesigd, kors og sekstagga stjerne.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva står desse tre symbola for?

Oppgåve 5

Dei fire diktlinjene nedanfor er byrjinga på eit dikt som forfattaren og journalisten Nordahl Grieg las opp frå NRKs radiostasjon i Tromsø den 17. mai 1940.

  1. Kva var annleis enn tidlegare på denne 17. mai?
  2. Forklar symbolbruken i dei to første linjene.

I dag står flaggstangen naken
blant Eidsvolls grønnende trær.
Men nettopp i denne timen
vet vi hva frihet er.

(Grieg, 1940)

Kjelder

Grieg, N. (1940). "I dag står flaggstangen naken", framført på radio 17. mai 1940.

Relatert innhald

Les om symbol som språkleg verkemiddel.

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl, Cecilie Isaksen Eftedal og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2020

Læringsressursar

Språklege verkemiddel