Hopp til innhald
Fagartikkel

Metonymi

Sjølv om du kanskje aldri har høyrt ordet metonymi før: Denne typen språklege bilete bruker du heilt sikkert mykje sjølv, og du møter dei i tekstar kvar einaste dag.

Ny, men nærskyld tyding

Dersom læraren din spør om du har lese Tolkien, vil du sikkert skjønne med ein gong at det ikkje er personen Tolkien han siktar til, men bøkene denne forfattaren har skrive. Det språklege biletet læraren din då har brukt, kallar vi metonymi.

Ein metonymi er eit erstatningsord som overtek tydinga til det opphavlege ordet. Det er ein klar samanheng frå før mellom ordet vi bruker (Tolkien) og tingen vi eigentleg seier noko om (bøkene til Tolkien). Metonymiar er svært vanlege i kvardagsspråket:

  • Det var Austerrike som vann lagkonkurransen i hopp.
    (Namnet på landet står for dei personane som faktisk hoppa i skibakken.)

  • Vi må ikkje gløyme 11. september!
    (Datoen er metonymi for terroråtaket i New York den 11. september 2001.)

  • Slottet kom med ei pressemelding i går.
    (Bygningen står for kongen og familien hans.)

Synekdoke

Ei spesiell form for metonymi er det vi kallar synekdoke. (Uttale: synekdoke) Då nemner vi ein del av noko og lar delen stå for heilskapen:

  • Kjenner du den kjekke krølltoppen frå B-klassen?
    (Håret står for heile personen.)

  • Vi treng fleire varme hender i eldreomsorga.
    (Hendene står for menneska.)

Synekdoken framhevar gjerne noko vesentleg ved ein person eller ei sak. Når vi snakkar om ein krølltopp, er det håret vi heftar oss ved, og kanskje liker spesielt godt. Når vi ønskjer oss "fleire varme hender", tenkjer vi på fleire menneske som kan utføre ein praktisk jobb og som kan gi omsorg.

Pars pro toto

I staden for det greske ordet synekdoke bruker mange den latinske nemninga pars pro toto, som òg tyder "delen for heilskapen". (Ordet pars uttaler vi med tynn s-lyd.)

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Metonymi

Oppgåver til det språklege verkemiddelet metonymi.