Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Metonymi

Oppgåve 1

Finn metonymiane i setningane nedanfor, og presiser kva det er skrivaren eller talaren har i tankane.

Døme: Han kan ikkje fordra Beethoven. (= Han kan ikkje fordra musikken Beethoven har skrive.)

  1. Vil du ha ein Farris?
  2. Napoleon tapte slaget ved Waterloo.
  3. Industrilanda skjelv.
  4. Han har kjøpt seg ein ny Ferrari.
  5. Har dei lese Bjørneboe?

Oppgåve 2

Oslo Sentralbanestasjon med Postgirobygget i bakgrunnen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjå på dei to korte tekstutdraga. Finn metonymiane, og forklar kva som er meint.

  1. I bilen går tungebåndene i viltert kryss. Det snakkes og spørres og lures fælt.
  2. Det er ikkje til å stikke under ein stol: Det er hovudstaden som bestemmer. Det veit vi alt om her vest, når vi sender politikardelegasjonar i skytteltrafikk til Storting og regjering for å få pengar til salt i grauten.

Oppgåve 3

Les utdraget frå petiten "The noble art of buying jeans" av Kjeld-Willy Hansen.

  1. Forfattaren bruker ei rekkje metonymiar når han omtaler ekspeditøren. Finn dei.
  2. Korleis påverkar metonymiane oppfatninga vår av denne personen?
  3. Finn du andre språklege verkemiddel i teksten òg? Nemn dei, og gi døme.
Les tekstutdraget

Ikke før hadde jeg entret sjappa, var en bubbleblåsende bertebus over meg med velmente råd og forslag.

− Jeg skal ha to blå, utvaskede 34-tommere som går rett ned i beina, kremtet jeg friskt og kjekt, og mente med det at saken var lysende klar.

Hvilket den selvsagt ikke var. Ikke bare krydde det av merker og modeller og typer og former og farger og snitt og størrelser og en hel haug med andre vitale ting. Det var også fire evigheter siden jeansene skulle gå utvasket blått langs lårene og rett ned i skoene. I år var det småstripete sorte stretchjeans som gjaldt, smilte tyggegummien og klasket en svær bunke på disken foran meg.

Jeg svettet allerede. Men av ydmyk respekt for ola- vitenskapen grep jeg tekstilet, lusket lydig inn i et skifteavlukke og forsøkte å vrikke meg inn i stretchstripene bak den vesle, beskyttende saloondøren.

− Hvordan sitter de? boblet tyggegummien.

− Litt trange! forsøkte jeg og sendte et oppgitt blikk på valkene som veltet smilende ut over bukselinningen.

Men det nektet tyggegummien å tro. Opp fór døren og inni avlukket kom to sprettmeloner og en bar navle og gav seg til å stirre lett medlidende på bilringene.

Relatert innhald

Les om metonymi som språkleg verkemiddel.

CC BY-NC-NDSkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2019

Læringsressursar

Språklege verkemiddel