Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Allegori

Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Kva for allegorisk skikkelse?

Sjå på biletet ovanfor.

  1. Kvar står denne berømte statuen?
  2. Kva heiter han på originalspråket?
  3. Statuen er ei allegorisk framstilling av ein viktig verdi. Kva for ein?

Oppgåve 2

Jobb med ein fabel.

Les teksten "Den svoltne hunden" av den danske diktaren H.C. Andersen og svar på spørsmåla:

  1. "Den svoltne hunden" er ein fabel. Kva er typisk for denne sjangeren?
  2. Allegoriske forteljingar skal ikkje (berre) oppfattast bokstavleg. Kva skal åtferda og lagnaden til hunden lære oss?

Den svoltne hunden

Det var to høge fjell, og øvst på kvart av dei låg eit slott. Nede i dalen sprang ein hund og snuste i bakken som om han var svolten og leita etter mus eller rapphøns. Frå det eine slottet høyrdest det brått ein trompetstøyt som varsla at no skulle dei gå til bords. Hunden sprang straks opp fjellet for å få litt mat, han òg, men då han var komen halvvegs, heldt trompeten opp med å blåse, og ein trompet frå det andre fjellet tok til å klinge. Då tenkte hunden: Her er dei nok ferdige med å ete før eg når fram, men på den andre sida skal dei akkurat til å ete. Så sprang hunden ned att og opp på det andre fjellet. Men då byrja trompeten på det første slottet å blåse, mens trompeten på det andre heldt opp. Hunden sprang ned att og opp på den andre sida, og slik heldt han fram til begge trompetane var tause og måltidet var over − same kva slott han ville ha kome til.

Relatert innhald

Les om allegorien som verkemiddel i litteratur og kunst.

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl, Cecilie Isaksen Eftedal og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2020

Læringsressursar

Språklege verkemiddel