Hopp til innhald

Fagstoff

Personifikasjon

Korleis kan vi gjere det enklare å forstå noko abstrakt, altså noko vi ikkje kan oppfatte direkte med sansane våre? Til dømes ved å gi det abstrakte menneskelege eigenskapar. Dette grepet kallar vi personifikasjon.
Døden, en naken, gråhvit skikkelse, holder rundt hodet til den rike mannen som snart skal dø. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit vanleg verkemiddel

Når abstrakte omgrep blir tillagde menneskelege eigenskapar, kallar vi det personifikasjon. Personifikasjon er vanleg både i kvardagsspråket og i litteraturen.

  • Redsla lyste ut av auga hennar.
  • Aksjemarknaden er snart friskmeld.
  • Epidemien tok livet av mange hundre tusen menneske.
  • "Sorgen og Glæden, de vandre tilhobe,
    Lykke og Ulykke gange paa rad ..." (Thomas Kingo)

Eit døme frå biletkunsten

Når vi personifiserer det abstrakte, blir det lettare for oss å forstå det. Kunstnaren Theodor Kittelsen til dømes har i boka Svartedauden personifisert pestsjukdomen som ei gamal kjerring med rive eller sopelime som går frå gard til gard. På denne måten blir epidemien plutseleg noko konkret som kan råke alle. I tillegg kan vi lett førestille oss redsla folk hadde for å få denne skremmande gjesten i hus.

Eit døme frå litteraturen

I barnevisa "Eventyr" skildrar diktaren Alf Prøysen ein gut som er i ferd med å døy. I den første strofa høyrer vi at guten Karl ligg med høg feber, mens slekta kjem på eit siste besøk. Dei snufsar og grin og synest det er fælt at han skal døy. Men Prøysen fortel om døden til Karl på denne måten:

Da kom det ei hæinn som var varsom og sval,
"Du ska vara med meg, du", sa dauen.

Døden blir skildra som ein roleg og omsorgsfull vaksenperson. Karl opplever handa til døden som varsam og sval, og ho kjennest både kjølande og god for ein feberheit gut. Døden står her fram som noko som fører med seg lindring, og ikkje noko som Karl er redd for.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Cecilie Isaksen Eftedal og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 13.12.2018

Læringsressursar

Språklege verkemiddel