Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Er dette gode argument?

Skal vi innføre skuleuniformer i Noreg? Her skal de både vurdere andre sin argumentasjon og lage eigne argument.

Oppgåve 1

Del 1. Argument for og mot skuleuniform

I videoen over møter du ungdomsskuleelevar frå Kristiansand. Dei blir intervjua om skuleuniformer. Til denne oppgåva treng du PC eller penn og papir.

  1. Lag ein tabell der du skriv standpunkta i debatten øvst ("Ja, vi må ha uniform", eller "Nei, vi må ikkje ha uniform") og gjer plass til å skrive argument under.
  2. Sjå videoen. Skriv ned alle argumenta elevane og lærarane kjem med under kvart standpunkt.

Gå saman i grupper, diskuter og vurder argumenta etter kriteria:

  • Er argumentet haldbart? Altså: Er denne påstanden sann? Hugs at dette kriteriet ikkje passar på alle argument. Om argumentet appellerer til kjensler, vil det ikkje kunne vurderast på same måten som om det appellerer til etos eller logos.
  • Er argumentet relevant?
  • Er argumentet sterkt? Eller vil eventuelle motargument vege tyngre?

Del 2

Kva synest de om saka? Lag minst tre argument for saka dykkar som de synest er både haldbare, relevante og sterke. Om ikkje alle er einige, bør de jobbe kvar for dykk.

Del 3. Lag ein paneldebatt

  1. Lag ein debatt. Her bør de plukke ut ein eller to elevar i klassen til å leie debatten og fem–seks som skal diskutere. Før paneldebatten bør de jobbe gruppevis. Jobb saman og lag gode argument for dykkar syn på saka, slik at debattanten er klar til debatt!
  2. Arranger debatten. Debattleiarane må passe på at alle kjem til orde.
  3. Etter debatten kan de diskutere i klassen. Kva for argument synest de står fram som særleg gode for eller mot skuleuniformer? Bruk kriteria frå del 1.

Oppgåve 2

Handtrykk. Nærbilete av hendene til ei kvinne og ein mann, begge formelt kledde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk deg at du er tillitsvald på ein arbeidsplass. Du har nettopp fått ein ny kollega og vil overtyde henne om at ho bør melde seg inn i fagforeininga.

  • Kva for nokre av argumenta nedanfor synest du er relevante?
  • Kva argument ville du ikkje ha brukt?
  • Grunngi vala dine.
  1. Arbeidstakarar må stå saman for å få gode arbeidsvilkår.
  2. Leiaren for forbundet vårt er så sympatisk.
  3. Fagforeininga kan hjelpe deg dersom du blir sagt opp på usakleg grunnlag.
  4. Nesten alle på arbeidsplassen er medlem i fagforeininga.
  5. Fagorganisasjonen driv opplæringsverksemd.
  6. Utan fagorganisasjonen ville vi aldri ha fått dei rettane i arbeidslivet som vi har i dag.
  7. Du får frådrag for fagforeiningskontingenten på sjølvmeldinga.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020

Læringsressursar

Retorikk i bruk