Hopp til innhald

Fagstoff

Kommunikasjon og retorikk

Når vi kommuniserer med andre menneske, deler vi tankane våre. Vi ønskjer å nå fram med både ord og kroppsspråk. Retorikken er retningslinjer for korleis vi kan kommunisere overbevisande, men også ein reiskap vi bruker for å analysere kommunikasjon.

Kva fortel videoen frå dramaserien SKAM om kommunikasjon? Diskuter med ein medelev, eller skriv ned stikkord for deg sjølv.

Kommunikasjon er samarbeid

Alle menneske har behov for kontakt med andre og for å dele tankar, erfaringar, kjensler og ønske. Denne kontakten og utveksling av informasjon kallar vi kommunikasjon. Ordet kjem frå latin communicare, som betyr "å dele med andre, å gjere felles".

Når vi skal beskrive ein kommunikasjonssituasjon, bruker vi mellom anna omgrepa sendar, mottakar og bodskap. Sendar og mottakar er deltakarane i kommunikasjonen, og bodskapen er det sendar prøver å formidle. For å sikre at bodskapen blir oppfatta likt, må sendar og mottakar samarbeide. Dei må vere ærlege overfor kvarandre og gjere sitt beste for å forstå kvarandre rett.

Kommunikasjonsproblem

Sjølv om alle gjer sitt beste for å forstå, kan kommunikasjon vere ganske vanskeleg. Alle har opplevd å bli misforstått heilt eller delvis. Nokon gonger er det fordi mottakaren ikkje vil, andre gonger er det måten du kommuniserer på som gjer det vanskeleg for mottakaren. Problema kan oppstå i alle ledd av kommunikasjonskjeda og ha mange ulike årsaker.

Når opplevde du sist å bli misforstått? Kva var årsaka, trur du?

Kommunikasjon med og utan ord

Når vi bruker ord for å uttrykkje oss, snakkar vi om verbal kommunikasjon. (Verb betyr ”ord” på latin). Men også blikk, ansiktsuttrykk og rørsler kan tale. Kroppsspråket vårt er eit døme på ikkje-verbal kommunikasjon, det vil seie kommunikasjon ved hjelp av andre teikn og signal enn ord.

Kroppsspråket røper kva vi føler og tenkjer. Det kan understreke kva vi seier med ord, eller det kan avsløre at vi kanskje ikkje er heilt ærlege. Eit ”Hyggjeleg å helse på deg!” blir lite truverdig dersom handtrykket vårt er slapt og blikkontakten og merksemda vår omtrent lik null. Når ord og kroppsspråk ikkje stemmer overeins, snakkar vi om dobbeltkommunikasjon.

Einvegs- og tovegskommunikasjon

Når vi fortel eller skriv noko, ønskjer vi oss ein reaksjon frå mottakaren. Svaret vi får, kallar vi for tilbakemelding eller respons. I samtalar og diskusjonar får vi personleg og direkte tilbakemelding. Då snakkar vi om tovegskommunikasjon.

Det er ikkje alltid mogleg med ein slik direkte kontakt mellom sendar og mottakar. Når eit kledekonsern gjennomfører ein reklamekampanje, veit sendaren ikkje korleis kvar enkelt mottakar reagerer på kampanjen. Dersom salet aukar i etterkant av kampanjen, kan sendaren sjølvsagt slutte seg til at bodskapen har nådd fram, men denne tilbakemeldinga er ikkje direkte. Når det ikkje finst nokon direkte, personleg kontakt mellom sendar og mottakar, snakkar vi om einvegskommunikasjon.

Samanheng mellom retorikk og kommunikasjon

Retorikken er tradisjonelt definert som kunsten å overtyde. Då handlar kommunikasjon om korleis vi kan bruke språk til å påverke mottakarane.

Dei fleste av dei retoriske omgrepa du lærer, stammar frå Aristoteles sitt verk Retorikk, som er ei lærebok i talekunst. Det er derfor vanleg å seie at opplæringa i retorisk talekunst stammar frå antikken. Til dømes vart det svært viktig å kunne snakke godt for seg og kommunisere med medborgarane sine i bystaten Aten, der det første demokratiet oppstod. Ein viktig del av demokratiet er nettopp å kunne overtyde andre om si sak.

Retorikk er òg studien av korleis menneske prøver å påverke andre gjennom kommunikasjon. Vi bruker retorisk analyse for å avdekkje korleis. Då ser vi på korleis ein avsendar bruker ulike verkemiddel for å overtyde. Det kan både vere å overtyde om ei sak, stemme på eit parti og kjøpe eit produkt.

Tenk over:

Vi kommuniserer ofte for å påverke dei rundt oss. Betyr det at all kommunikasjon handlar om retorikk?

Kan du kome på døme på kommunikasjon som ikkje prøver å påverke mottakaren? Diskuter gjerne med ein medelev.

Kjelder

Händler Svendsen, L. F. (2019). Retorikk. Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/retorikk

Kjeldsen, E. J. (2013). Retorisk danning – hva du ikke visste du burde vite om verdens eldste kommunikasjonslære. Norsk medietidsskrift. Henta frå https://www.idunn.no/nmt/2013/01/retorisk_dannelse_-_hva_du_ikke_vissteduburde_vite_om_ver

Relatert innhald

Her skal du sjå nærare på kommunikasjon mellom Isak frå Skam og "skulelegen". I tillegg skal de prøve dykk på rollespel om dobbeltkommunikasjon.

CC BY-SASkrive av Marion Federl og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020

Læringsressursar

Retorikk i bruk