Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder argumenta!

Det er mange argument for og imot at 16-åringar skal ha røysterett. Men kor gode er argumenta?
Seks ungdommar som ler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1

Eit argument er ei grunngiving som skal støtte eller forsvare eit standpunkt.
I diskusjonen om 16-åringar skal ha røysterett eller ikkje, er det to hovudstandpunkt:

  • At 16-åringar skal få røysterett
  • At 16-åringar ikkje skal få røysterett.

Lag eit oversyn over kva for argument for dei to standpunkta du finn i filmen og artikkelen.

  1. Gå saman i par eller grupper, og sorter argumenta de har funne. Lag ein kategori for argumenta som er for, og ein for argumenta som er imot røysterett for 16-åringar.
  2. Sjå på argumenta saman, og bruk sjekklista nedanfor til å vurdere om argumenta er gode eller dårlege.

Relatert innhald

Kva skal du sjå etter?

kva betyr det?

korleis kan du vurdere det?

Er argumentet haldbart?

Er faktagrunnlaget riktig?


Er innhaldet i argumentet sannsynleg?

Vurder om tal og andre faktaopplysningar som argumentet byggjer på, stemmer.

Sjå også etter overdrivingar og generaliseringar som forenklar og set ting på spissen.

Der du ikkje kan sjekke reine fakta, må du vurdere om samanhengar som argumentet baserer seg på, verkar sannsynlege.

Er argumentet relevant?

Har det med saka å gjere?

Vurder om argumentet eigentleg handlar om noko anna enn saka som blir diskutert.

Vurder om samanlikningar med andre situasjonar eller saker er rimelege.

Prøver argumentet å framstille ei anna problemstilling som viktigare?

Er argumentet sterkt nok?

Finst det sterkare motargument?

Vurder kva som skal til for å motbevise argumentet.

Er det brukt mykje skjult eller indirekte argumentasjon?

Bruker argumentet kjensler for å overtyde, i staden for å basere seg på fakta?

Sjå etter pluss- og minusord. Dette er ord som gir positive eller negative assosiasjonar, og dermed påverkar oss utan at vi merker det.

Undersøk også bruk av ironi og sarkasme.

Speler argumentet på frykt eller andre kjensler som kan få oss til å reagere sterkt?

Er det eit personangrep eller stråmannargumentasjon?

Handlar argumentet om å snakke nedsetjande om motstandaren?

Angrip argumentet synspunkt som motstandaren ikkje har?

Vurder om argumentet berre handlar om motstandaren og ikkje gir nye saksopplysningar.

Vurder om motstandaren faktisk har dei synspunkta eller eigenskapane som argumentet angrip.

Del 2

Etter å ha sortert og vurdert argumenta, skal de rangere dei:

Del 3

Kva standpunkt landar du på etter å ha vurdert og rangert argumenta? Grunngi svaret ditt.

På kva måte hjelpte rangeringa deg med å lande på eitt av standpunkta i denne debatten?

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 07.11.2019

Læringsressursar

Retorikk i bruk