Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Argumentasjon og retorikk – kva kan du?

Oppgåve 1

Veit du svara på spørsmåla nedanfor? I så fall har du arbeidd godt med kapittelet om argumentasjon!

  1. Kva vil det seie å argumentere?
  2. Forklar omgrepa standpunkt, argument og premiss.
  3. Kva for tre krav bør vi stille til faktaargument?
  4. Vi skil mellom open og skjult argumentasjon. Kva er forskjellen mellom dei to argumentasjonsformene?
  5. I retorikken eller talekunsten bruker vi omgrepa etos, logos og patos i staden for open og skjult argumentasjon.

    • Kva ligg i dei tre omgrepa?
    • Kva for eit omgrep svarer til den opne argumentasjonen?
    • Kva for omgrep svarer til den skjulte argumentasjonen?
  6. Når vi trekkjer logiske slutningar, set vi opp premissar og trekkjer konklusjonar på grunnlag av dei. Gje eit døme på

    • ei god logisk slutning
    • ei dårleg logisk slutning

    Oppgåve 2

Oppgåve 3

Jobb saman i grupper.

De jobbar i reklamebyrået Triks & Knep. Ei bedrift har kontakta dykk og ønskjer at de skal lage ein reklameplakat eller ein reklamefilm for produktet dykkar.

  1. Lag reklamen! Lag eit fiktivt produkt som de prøver å selje ved å bruke mange ulike verkemiddel som speler på patos.
  2. Vis reklamane for resten av klassen. La medelevane dykkar analysere sluttproduktet.
  3. Avslutt med å kåre det beste reklamebidraget i klassen.



CC BY-SASkrive av Marion Federl og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020

Læringsressursar

Retorikk i bruk