Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Argumentasjon i den offentlege debatten

Korleis sikrar vi ein ryddig og god offentleg debatt? Korleis påverkar vi, og korleis blir vi sjølv påverka av argumentasjon? Sjå filmen og jobb med oppgåvene.

Del 1

  1. Liker du å delta i diskusjonar? Prøv å setje ord på kva du liker eller misliker ved det.

  2. Del det du har skrive med ein medelev. Er de einige? Kva trur de er årsaka til at nokon elskar å diskutere, medan andre unngår det så langt dei kan?

  3. Følger de med på debattar i sosiale medium? I så fall – kva for nokre?

Del 2

  1. Sjå filmen øvst og noter det du legg merke til undervegs. Tips: Det kan vere lurt å stoppe filmen av og til for å tenke gjennom det som blir sagt og notere.

  2. I filmen blir nemnd fleire omgrep. Forklar desse med eigne ord, òg gjerne med eigne døme:

  • standpunkt

  • argument

  • premiss

  • open argumentasjon

  • skjult argumentasjon

Del 3

  1. I grupper: Vel dykk ut ein debatt om eit tema de er interesserte i. Det kan vere eit lesarinnlegg, ein kronikk, eit innlegg i sosiale medium eller eit debattprogram på til dømes NRK.

  2. Kva er formålet med kommunikasjonen? Kven ønsker avsendaren å påverke?

  3. Skriv ned argumenta som blir brukte og sjå på kva premissar og standpunkt avsendaren bruker.

  4. Kva finn de av open og skjult argumentasjon? Skriv ned og forklar kvifor argumenta tilhøyrer den gruppa.

Del 4

  1. Skriv eit kort innlegg til debatten du har jobba med. I teksten skal du vise at du lyttar til andre, og at du kan bygge opp sakleg argumentasjon og bruke retoriske appellformer.

  2. Skriv eit refleksjonsnotat til teksten din. Kva standpunkt har du i saka? Korleis har du prøvd å påverke mottakaren? Bruk fagomgrepa frå del 2.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2022

Læringsressursar

Retorikk i bruk