Hopp til innhald

Fagstoff

Den beste talen i verda?

Her får du ei innføring i retorikk i praktisk bruk. Innføringa tek utgangspunkt i det som kanskje er den beste talen i verda, for Martin Luther King må vel kunne reknast som eit retorisk geni?
Martin Luther King held tale framfor ei stor folkemengde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

"I have a dream that one day this nation will rise up and live out the true meaning of its creed: 'We hold these truths to be self-evident, that all men are created equal.'

I have a dream that one day on the red hills of Georgia, the sons of former slaves and the sons of former slave owners will be able to sit down together at the table of brotherhood.

I have a dream that one day, even the state of Mississippi, a desert sweltering with the heat of injustice, sweltering with the heat of oppression, will turn into an oasis of freedom and justice.

I have a dream that my four little children will one day live in a nation where they will not be judged by the color of their skin but by the content of their character.

I have a dream today!"
(King, 1963)

Høyr eller les hele talen hos americanrhetoric.com.

Utdraget over er frå ein av dei mest berømte talane i verda. Det er talen politikaren Martin Luther King heldt i 1963, då han kjempa sin siste, bitre kamp for fullstendige borgarrettar for afroamerikanarar i USA. Han blei drepen av ein snikskyttar i 1968. Talen er så kjend at han svært ofte blir sitert og brukt som eit symbol på kampen for rettane til diskriminerte folkegrupper.

Kvifor har denne talen blitt så kjend? Kva for ei mystisk kraft gjer desse orda så spesielle? Kva slags kompetanse ligg bak denne velformulerte og gripande bodskapen – eit medfødt talent eller ein nøye uttenkt strategi for talen? Mest sannsynleg er det ein kombinasjon.

Martin Luther King var ikkje berre ein talentfull talar, han var òg ein meister i retorikk. Retorikk er læra om korleis ein kan overtyde andre. Martin Luther King gjorde det ved å tale vakkert, verknadsfullt og med moralsk tyngd til publikumet sitt. Han lykkast fordi han hadde kunnskap om emnet, om tilhøyrarane og om situasjonen talen skulle framførast i.

Etos og patos

Martin Luther King fortel oss noko om korleis vi kan lykkast i kommunikasjonen med andre. Det dreier seg om å kommunisere ein bodskap som underbyggjer truverdet til sendaren, som vekkjer interessa til mottakaren, og som demonstrerer kunnskap om sjølve saksforholdet.

Patos: ei oppmoding til handling

Det er viktig å hugse på at dei retoriske grepa ikkje er noko mål i seg sjølv, berre eit middel til å nå det overordna målet: å overtyde mottakaren. Når Martin Luther King framkallar sinne, medkjensle eller dårleg samvit med talen sin, er ikkje målet at folk skal bli sinte, medkjennande eller tyngde av dårleg samvit, men at dei skal handle.

Etos: erfaring og kunnskap styrkjer truverdet

Det er ikkje berre patosgrepet som gjorde Martin Luther Kings tale verknadsfull. Som afroamerikanar kunne han framstå med truverd (etos) basert på eiga erfaring. Denne erfaringa bruker han òg i talen.

Sjå på utdraget frå talen over, eller finn ein video av talen.

Kan de finne sitat som de synest aukar talen sin patos eller styrkjer etos?

Kva særmerkjer ein retorisk god tekst?

Du har vurdert kven du skal tale til, du har brukt denne kunnskapen til å velje innfallsvinklar og moment, og du har laga ei rekkjefølgje på momenta som det er lett for tilhøyrarane å følgje. Då er du godt i gang, du har lagt forholda til rette for at tilhøyrarane vil lytte med interesse. No må du arbeide med sjølve utforminga av teksten. Ifølgje dei klassiske retorikarane skal språket vere korrekt, klart, vakkert og tilpassa tale- eller skrivesituasjonen.

Korrekt, klart og vakkert språk

Korrekt språk er feilfritt språk. Dei fleste tale- og skrivesituasjonar krev korrekt språkbruk. Feil og manglar vil svekkje truverdet ditt og gjere mottakarane skeptiske til bodskapen. Klart språk inneber å velje treffande og forståelege ord og uttrykk. Vakkert språk er noko vanskelegare å definere, men vi kan i alle fall seie at den vakre teksten helst viser mottakarane bodskapen gjennom bilete og døme. "Show, don't tell" er eit viktig grep i filmkunst fordi filmhistoria først og fremst blir fortald ved hjelp av bilete, men òg den verbale kommunikasjonen har sine biletlege verkemiddel som gjer at vi kan "sjå ting for oss".

"I have a dream that one day, even the state of Mississippi, a desert sweltering with the heat of injustice, sweltering with the heat of oppression, will turn into an oasis of freedom and justice."

Bilete som taler

Det Martin Luther King gjer, er å vise tilhøyrarane talande bilete i staden for å seie direkte til dei at dei blir undertrykte. "Mississippi er ein ørken som blir kvelt av urettferda sin hete" er eit slikt bilete, ein såkalla metafor. Tilhøyrarane kan lett førestille seg den kvelande varmen, og biletet gjer eit mykje sterkare inntrykk på dei enn om King berre hadde sagt at Mississippi er ein uleveleg stad der urettferd rår.

Dei mest vellykka bileta skaper Luther King når han set dei opp i antitesar, det vil seie som kontrastar eller motsetningspar. Sjå til dømes på dei parvise motsetningane i setninga "... a desert sweltering with the heat of injustice, sweltering with the heat of oppression, will turn into an oasis of freedom and justice." Dette verkar overtydande trass i den enkle argumentasjonen. For du vil vel heller leve i ein oase enn i ein ørken, og du vil vel heller ha fridom og rettferd enn urettferd og undertrykking?

Varmt ørkenlandskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rytme og klang

Når talen i tillegg kling så vakkert, kjem det mellom anna av at enkelte lydar blir gjentekne mange gonger, slik som vislelydane (s, sj,) og k-lydane i døma nedanfor:

  • "Mississippi is a desert sweltering ... injustice and oppression ..."
  • "... judged by the color of their skin, but by the content of their character."

På denne måten skaper King ein tydeleg rytme tilhøyrarane nesten umerkeleg fell inn i. Med jamne mellomrom legg han òg inn gode pausar, både som ein del av rytmen og for å gi publikum høve til å la orda hans synke inn før han går vidare. Alt dette gjer sitt til at publikum er med han heile talen gjennom.

Tilpassing til tale- eller skrivesituasjonen

Ser vi bak dei gripande formuleringane, kan vi undersøkje argumentasjonen til King. Då oppdagar vi at talen er sett saman av ei rekkje påstandar som det ikkje blir ført prov for i sjølve talen. Lyttaren må godta påstanden om at Mississippi er ein ørken som blir kvelt av urettferd og undertrykking, og at afroamerikanarar blir dømde etter hudfargen, ikkje etter korleis dei oppfører seg. Desse påstandane er premissane talen byggjer på, og som Luther King går ut frå at lyttarane er einige i. Hadde Luther King talt til ei forsamling med hovudsakleg kvite tilhøyrarar, ville han kanskje ha valt andre verkemiddel. Vi kan seie at talen er nøye tilpassa talesituasjonen King opptredde i, der flesteparten av tilhøyrarane var afroamerikanarar.

Patos – det sterkaste grepet

Talen fengjer òg i dag, lausriven frå den opphavlege konteksten sin. Det er med andre ord ikkje tilstrekkjeleg å peike på at King talte til menneske som i utgangspunktet godtok premissane for talen. Det er ikkje saksargumenta (logos) som overtyder oss. Det gjer derimot det biletrike språket, dei sterke kontrastane, den rettferdige harmen og den suggererande rytmen. Det er patosgrepet som dominerer her, i kombinasjon det moralske alvoret i bodskapen.

Kjelder

Eide, T. (1990). Retorisk leksikon. Oslo: Universitetsforlaget.

Kjeldsen, J. E. (2004). Retorikk i vår tid. En innføring i moderne retorisk teori. Oslo: Spartacus forlag.

Askeland, N., Otnes, H., Skjelbred, D. & Aamotsbakken, B. (1996). Tekst i tale og skrift. Innføring i tekstarbeid. Universitetsforlaget.

Jensen, L. B. (1987). Du af elfenbenstårnet – fortælleteknik for fagfolk der vil skrive en god historie. København: Gyldendal.

CC BY-NC-SASkrive av Liv Alveberg.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2019

Læringsressursar

Retorikk i bruk