Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ein strategi for å overtyde

Oppgåve 1

Les fagteksten "Ein strategi for å overtyde" og svar på spørsmåla:

  1. Kva er ein disposisjon?
  2. Kva for norske ord kan vi bruke i staden for dei latinske omgrepa exordium, narratio, argumentatio og peroratio?
  3. Forklar kort kva kvart av desse fire punkta i disposisjonen bør innehalde.
  4. Gi eksempel på korleis vi kan begynne ein tale.
  5. Kvifor må vi planleggje avslutninga godt?
  6. Forklar omgrepa confirmatio og refutatio.
  7. Kvifor bør vi i hovudsak leggje fram eigne argument i staden for å imøtegå motargument?
  8. Kva del av talen er raskast gløymd?
  9. Sjå nærmare på analyseeksemplet (lenkje i høgrefeltet). Kva for opplysningar om kairós (talesituasjonen, konteksten) er trekte inn i analysen?

Oppgåve 2

Lag ein kort appell på eitt minutt (omtrent like lang som valappellen til Siv Jensen).

Du skal følgje grunnoppskrifta til punkt og prikke. Emnet ditt kan vere humoristisk eller seriøst. Her er nokre forslag til saker:

  • Krav om tidlegare vår i Noreg (eller lengre sommar, eller meir snø osv.)
  • Forbud mot bruk av Facebook på skolen
  • Flytting av nasjonaldagen til 17. juni slik at russen kan bli ferdig med eksamen før russefeiringa tek til
  • Lånesyklar til alle som vil sykle til skolen

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2019

Læringsressursar

Retorikk i bruk