Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

"Blå" og "Begynnelser" - skriv om skjønnlitteratur til sakprosa

Både Maja Lunde og Carl Frode Tiller skriv romanar som kan definerast som økolitteratur. Dei skriv om klimakrisa i prosa. I denne oppgåva skal du lese utdrag frå romanane, diskutere og skrive skjønnlitteratur om til sakprosa.
Eit tørkeramma område mot blå himmel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Omgrepsavklaring

Jobb i grupper. Ein skal skrive ned svara:

A) Kan de omgrepa? Kva er:

  • sakprosa? (Kom med døme.)

  • skjønnlitteratur? (Kom med døme.)

  • prosa? (Kom med døme.)

B) Kva kjenneteiknar sakprosa og skjønnlitteratur? Diskuter:

  • Kva skil ofte skrivestilen i sakprosa og skjønnlitteratur? (Språklege verkemiddel, setningsoppbygging osb.) Kvifor er det sånn, trur de?

  • Kva trur de er forskjellen på bruken av synsvinkel i sakprosa og skjønnlitteratur? Grunngi svaret dykkar.

  • Kva krav blir stilte til sakprosa og skjønnlitteratur når det gjeld korleis sjangrane stiller seg til sanninga?

Del 2: Blå av Maja Lunde

Romanen Blå (2017) av Maja Lunde er bok nummer to i ein planlagd klimakvartett.

Les utdraga og jobb åleine:

  1. Kva meiner du er bodskapen i utdraga? Grunngi svaret ditt.

  2. Kvifor trur du Maja Lunde har valt å leggje Lou og dotteras historie til 2041?

  3. Kva for synsvinkel blir brukt?

  4. Kva for ulike konsekvensar av klimakrisa er det Maja Lunde åtvarar om i desse to utdraga?

Jobb i par eller grupper:

  1. Diskuter svara dykkar på spørsmåla over.

  2. Marker passasjer i teksten som de synest er tydelege åtvaringar om klimakrisa. Diskuter deretter kva verkemiddel Maja Lunde bruker for å understreke tema og bodskap.

Del 3: Begynnelser av Carl Frode Tiller

Jobb med utdraget frå Begynnelser (2017) av Carl Frode Tiller på same måte som du gjorde med romanen Blå. Det aller viktigaste er at du skal sjå på korleis bodskap og bruk av verkemiddel heng saman. Jobb først åleine, deretter saman med andre i klassen.

Del 4: Skriv opp funna dykkar

  1. Gå gjennom det de har svart i del 2 og del 3 av oppgåva. Skriv opp alle konsekvensane av klimakrisa de meiner Maja Lunde og Carl Frode Tiller åtvarar om på tavla. Desse momenta treng de nemleg til neste del.

  2. Diskuter: Korleis kan skjønnlitteratur bidra til å åtvare og engasjere folk til å jobbe mot klimakrisa? Sjå spesielt på om skjønnlitteratur kan gjere noko som forskingsrapportar og nyheitsoppslag ikkje kan.

Del 5: Skriv bodskapen om til sakprosa

Korleis ville desse to tekstane sett ut dersom dei var skrivne som sakprosa? Vel mellom desse oppgåvene:

A) Lag ei avisside:

Lag ei avisside som åtvarar om konsekvensane av klimakrisa. Du skal skrive om dei same temaa som Maja Lunde og Carl Frode Tiller tek opp, men teksten din skal sjå ut som ei avisside med bilete og "journalistspråk":

  • usynleg forteljar

  • objektivt språk (få verdiladde ord og adjektiv)

  • fullstendige setningar

  • saklege overskrifter

  • informative ingressar

B) Skriv ein tale:

Skriv ein tale som åtvarar om konsekvensane av klimakrisa. Du skal skrive om dei same temaa som Maja Lunde og Carl Frode Tiller tek opp, men teksten din skal byggjast opp som ein tale og med dei typiske verkemidla til talen:

  • Appeller gjerne til etos, patos og logos.

  • Bruk gjerne skjult argumentasjon når du appellerer til patos. Du kan bruke verdiladde ord, retoriske spørsmål, direkte førespurnad og språklege bilete som skal vekkje kjensler hos mottakaren.

  • Når du appellerer til logos, bør du finne nokre kjelder som kan underbyggje påstandane dine.

  • Skriv ei innleiing som fangar merksemda og ei avslutning som sit igjen hos mottakaren.

Del 6: Del med resten av klassen

  1. Dei som har laga ei avisside, deler denne med resten av klassen. Les og diskuter korleis de har løyst oppgåva ulikt.

  2. Dei som har skrive talar, framfører desse framfor klassen.

Del 7: Skriv eit refleksjonsnotat

Skriv eit refleksjonsnotat etter du har jobba med ulike tilnærmingar til klimakrisa. Du skal reflektere over desse spørsmåla:

  • Korleis kan skjønnlitteratur bidra til å løyse klimakrisa?

  • Kva styrkar og svakheiter har høvesvis sakprosa og skjønnlitteratur i kampen mot klimakrisa?

Del 8: Maja Lunde om forfattarskapen sin

Avslutt med å sjå Maja Lunde sjølv forklare korleis ho stiller seg til klimakrisa og kvifor ho skriv. Intervju med Maja Lunde (nrk.no).

Relatert innhald

Korleis blir naturen framstilt i litteraturen? Ein artikkel som samanliknar framstillinga av menneske og natur i eldre og moderne tekstar.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2021

Læringsressursar

Retorikk i bruk