Hopp til innhald

Fagstoff

Sentrifugalpumpe

Sentrifugalpumper er den mest populære pumpetypen i prosessindustrien. Dei har stor kapasitet i forhold til storleiken, og dei er som regel svært haldbare og driftssikre.

Sentrifugalpumper har fått namnet sitt fordi dei bruker sentrifugalkrefter til å auke trykket i væsker. Inne i pumpa er det eit laupehjul som blir kalla ein impeller. Denne består av mange skråstilte blad som er monterte mellom to sirkelforma skiver.

Oppbygging av ei sentrifugalpumpe

Prinsippskisse for ei sentrifugalpumpe. Illustrasjon.

Midt i impelleren er innløpet. Når væska kjem inn, vil ho slyngjast ut til kantane av impelleren på grunn av sentrifugalkrafta.

Impelleren er montert inne i eit pumpehus, og derfor vil væska som blir slyngd ut frå impelleren, treffe veggene i pumpehuset. Når det skjer, misser væska farten ho hadde ut frå impelleren. Bernoulli-prinsippet fortel oss at viss farten blir mindre, så aukar trykket. På denne måten aukar ei sentrifugalpumpe trykket i ei væske.

Sentrifugalpumper består av ein impeller og eit pumpehus. Dei aukar trykket i ei væske ved hjelp av sentrifugalkrefter.

Sentrifugalpumper kan òg bli brukte som gasskompressorar. Ein turbo i ein bilmotor er ofte ein såkalla sentrifugalkompressor.

CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 18.08.2021

Læringsressursar

Pumping og kompresjon