Hopp til innhald

Fagstoff

Prinsipp for pumper

Det finst ulike pumper til ulike formål. Nokon pumpar olje, medan andre pumpar luft og gassar. Grunnprinsippet for dei ulike typane er meir eller mindre det same.
Sykkelpumpe med trykk-indikator. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den enklaste forma for pumpe vi har, er sykkelpumpa. Ho består av ein lang sylinder med eit stempel som er festa på eit stag inni sylinderen. I enden av dette staget har vi handtaket. Når vi dreg handtaket ut, blir sylinderen fylt med luft. Vi har no ei viss mengde med luft i sylinderen.

Vi pressar lufta saman

Når vi byrjar å presse handtaket inn i sylinderen, blir lufta i sylinderen pressa saman. Dette blir kalla å komprimere, fordi vi har like stor mengde luft, men luft-arealet blir no mindre. Det oppstår no eit trykk inne i sykkelpumpa, og når dette trykket blir høgt nok, går lufta inn i sykkeldekket.

Det er veldig lett å pumpe når ein byrjar å pumpe opp eit tomt sykkeldekk. Etterkvart som det blir meir luft i dekket, må vi bruke meir kraft for å få inn meir luft. Dette er fordi lufttrykket inni dekket blir høgare, og lufta som kjem frå pumpa må komprimerast meir for å kunne overførast til dekket. Når vi komprimerer luft (eller væske) blir trykket oppgitt i Bar. Biletet viser indikator for dette nedst på pumpa.

Stor kraft på eit lite areal

Prinsippet som blir brukt i sykkelpumpa blir òg brukt i andre typar pumper, altså at vi fyller eit "rom" med luft eller væske og gjer rommet mindre. Fordelen med å komprimere er at vi oppnår stor kraft på eit lite areal, og vi kan dermed hente ut store krefter frå noko som er trykksett. I tillegg til å oppnå trykk, brukast òg pumper til å flytte væsker over avstandar. Dette skjer anten i lange transportrøyr eller om vi til dømes skal flytte ei væske frå ein tank til ein annan i ein kjemisk prosess.

Lufttrykkmålar på sykkelpumpe. Tala på utsida av sirkelen viser skalaen for bar, tala på innsida viser skalaen for psi. Foto

Trykkmålaren oppgir ofte trykket både i bar og psi (pund per kvadrattomme, engelsk standard). Den opprinnelege måleeeininga er Pascal (Pa), der 1 bar svarar til 100 000 Pa. Viss vi skal måle alt i Pascal, blir det fort veldig høge tal, vi bruker derfor ofte bar i praksis. Trykkmålaren viser kor mykje kraft lufta har i forhold til arealet i pumpa. Vi bruker denne formelen for å oppgi trykket. P er trykket, F er krafta og A er arealet.

P=FA

Pneumatikk og hydraulikk

Pumper som blir brukt til luft (gassar) kallar vi kompressorar, og omgrepet for dette er pneumatikk. Døme på pneumatiske system er:

  • trykkluftbremser på tyngre køyretøy som buss, lastebil og tog
  • lufttrykksløyfe på ein verkstad der utstyr og verktøy er luftdrivne
  • samleband med prosesshandtering på ein fabrikk

Dette er lukka system med ein kompressor som gir eit bestemt lufttrykk.

Pumper som bruker olje kallar vi framleis for pumpar, men her blir bruker vi omgrepet hydraulikk. Døme på hydrauliske system er:

  • gravemaskin, hydraulikkolje rører på sylindrane på gravearmen
  • lastebilkran og tilsvarande kraner
  • boremaskin på ein borerigg

Dette er lukka system med ei hydraulisk pumpe som gir eit bestemt oljetrykk.

CC BY-SASkrive av Dag Olav Lereim.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2020

Læringsressursar

Pumping og kompresjon