Hopp til innhald

Fagstoff

Fortrengingspumpe

Ei fortrengingspumpe er ei pumpe som lukkar ei mengde gass eller væske inn i eit fast volum, for så å presse dette volumet ut gjennom utløpet av pumpa.
Tannhjulspumpe med innløp og utløp, og to roterande tannhjul som grip i kvarandre. Animasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stempelpumpe

Den enklaste forma for fortrengingspumpe er ei stempelpumpe. La oss sjå nærmare på korleis denne fungerer.

Stempelpumpa har klaffar som blir opna og lukka. Sug luft inn. Kuleventil (klaff) blir lukka (innsug), og trykket blir sendt i trykkrøyret (utluft). Animasjon.

Ei stempelpumpe består av ein innløpsventil, ein utløpsventil, eit stempel og ein sylinder. Når stempelet beveger seg bakover (mot høgre i figuren nedanfor), aukar volumet. Om det ikkje kjem noko inn i pumpa, vil trykket derfor søkke. Når det skjer, vil væske «sugast» inn gjennom innløpsventilen.

Når stempelet beveger seg framover (mot venstre i figuren nedanfor), blir innløpsventilen lukka. Då vil væska bli pressa ut gjennom utløpsventilen.

Stempelpumpa har klaffar som blir opna og lukka. Sug luft inn. Kuleventil (klaff) blir lukka (innsug), og trykket blir sendt i trykkrøyret (utluft). Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tannhjulspumpe

Ei tannhjulspumpe er òg ei fortrengingspumpe og fungerer eigentleg på same måten som ei stempelpumpe. Tannhjulspumpa består av eitt eller fleire tannhjul. I figuren nedanfor ser du ei pumpe med to roterande tannhjul som grip i kvarandre.

Ved innløpet (på venstre side i figuren) slepper tennene i tannhjula grepet i kvarandre. Då aukar volumet, og på same måte som for ei stempelpumpe vil væska «sugast» inn.

Så følgjer væska med i volumet mellom tennene og pumpeveggene og fram mot utløpet. Der grip tennene i kvarandre igjen slik at volumet minkar. Dermed vil væska bli pressa ut gjennom utløpet i pumpa.

Prinsippskisse for ei tannhjulspumpe. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stempelpumper og tannhjulspumper blir ofte brukte på væsker som har høg viskositet, det vil seie at dei er tjuktflytande (for eksempel oljer). Stempelpumper blir òg brukte der ein treng høge trykk (for eksempel i høgtrykksspylarar).

Stempelpumper blir òg ofte brukte på gassar, men då kallar vi dei stempelkompressorar. Det finst òg gasskompressorar som liknar på tannhjulspumper.

Splitteikning av ei tannhjulspumpe. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis fungerar tannhjulspumpa (Loyd Arve Nornes)

Fortrengingspumper aukar trykket i ei væske ved å auke og minke eit volum inne i pumpa. Det same prinsippet blir ofte brukt på gasskompressorar.

CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 01.08.2018

Læringsressursar

Pumping og kompresjon