Hopp til innhald

Fagstoff

Ulike oljepumper

Oljepumpa er sjølve hjartet i hydraulikkanlegget. Det er ho som pumpar ut olje og gjer at vi kan byggje opp eit trykk.
Skruepumpe, deler av pumpehuset er skåret vekk
Opne bilete i eit nytt vindauge

I skruepumpa finn vi to akslingar med skrueskiver som blir fletta inn i kvarandre. Mellom skivene blir det danna eit kammer der olja blir teken inn. Etterkvart som olja blir teken med mellom dei to akslingane, blir kammeret komprimert, og oljetrykket stig. Når pumpa er i gang, blir det oppnådd eit vakuum i pumpa sitt innløp og eit overtrykk i utløpet. Med andre ord blir olja sogen inn og spruta ut. Skruepumpa handterer oljer av ulik viskositet (væsketjukkleik) og må koplast saman med ein motor som kan handtere mengde, viskositet og trykk. Ved behov vil det òg vere eit filter ved innløpet for å unngå at ureinsker kjem inn i pumpa.

Pumpa pumpar ut olje og gjer at vi kan byggje opp eit trykk. Vi skal likevel merke oss at det ikkje blir trykk i systemet før vi har ein restriksjon som held igjen den oljestraumen pumpa prøver å levere, eller ei motkraft på arbeidselementet (sylinderen eller pumpa).

CC BY-SASkrive av Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2020

Læringsressursar

Pumping og kompresjon