Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kommunikasjon utan ord

Ikkje-verbal kommunikasjon er det vi formidlar utan å nytte ord. Jobb med fagstoffet, prøv ut korleis kroppsspråk kan påverke ein bodskap, og diskuter dette i mindre grupper.
Teikning av fleire menneske på ein kafé. Til venstre i biletet er det ein mann med skulderveske og hendene i lomma. Han har lyseblå overdel, mørkeblå bukse og blå lue eller blått hår. Han står saman med to kvinner. Den eine har lyseblå bruka. Den andre har høg hestehale, blå, lang kåpe og lyseraudt skjørt. Ho har òg hendene i lomma. I framgrunnen jobbar ein ung mann med grøn t-skjorte og halvlangt hår på ein berbar PC. Midt i biletet sit ei kvinne i raud, kort kjole, med langt, bølgjete lyst hår og tek på leppestift framfor ein lommespegel. I bakgrunnen sit ein mann med lysebrun hatt og frakk og les avis ved eit kafébord. Ei kvinne med grønn kåpe og lilla handveske står og snakkar i mobiltelefon. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Individuelt arbeid

Les artikkelen om ikkje-verbal kommunikasjon (lenkje nedst på sida), og oppsummer for deg sjølv kva ikkje-verbal kommunikasjon er.

Del 2. Gruppearbeid

  1. Gå saman og bruk stemma på ulike måtar. Ha same bodskap, men varier

    • styrke (sterk/svak)
    • tonefall (stigande/søkkande)
    • tempo (raskt/sakte)
    • pausar (korte/lange)
    • klang (hard/mjuk/monoton og så vidare)
    • rytme (rask/roleg/stotrande og så vidare)

    Diskuter kva nytte de kan ha av å bruke stemma på ulike måtar når de jobbar.

  2. Bruk blikket til å signalisere ulike kjensler. Klarer resten av gruppa å tolke deg? Kva nytte har de av å kunne tolke blikk?
  3. Bruk ansiktsuttrykk til å signalisere ulike kjensler. Klarer resten av gruppa å tolke deg? Diskuter kva nytte de har av å kunne tolke ansiktsuttrykk.
  4. Finn døme på gestar og kropprørsler som blir nytta i ulike kommunikasjonssituasjonar.
  5. Diskuter kva de kan finne ut om personane på biletet over, berre ved å sjå på kleda. Diskuter farar ved å setje menneske i bås etter korleis dei ser ut, og kva dei har på seg.
  6. Nokre skular har skuleuniform.

    • Kva kan grunnen vere til at nokre land vel å bruke skuleuniform?
    • Kva fordelar og ulemper ser de med bruk av skuleuniform?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kjell Arne Standal og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2020

Læringsressursar

Kva er kommunikasjon?