Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forklar eit yrkesfagleg emne

Samanlikn og undersøk korleis du snakkar om faget ditt med ulike mottakarar.

Oppgåve 1

  1. Vel eit emne, ein framgangsmåte eller eit omgrep frå fagområdet ditt som du kjenner godt til.
    • Lag ei kort forklaring, skriftleg eller munnleg, berekna på ein kollega som kjenner fagspråket.
  2. Lag ei ny forklaring av det same temaet som i oppgåva over, berekna på ein kunde eller brukar.
    • Forklar på ein slik måte at ein som ikkje kjenner faget innanfrå, også kan forstå.

Oppgåve 2

  1. Samanlikn dei to forklaringane. Kva forskjellar er det mellom dei?
  2. Gå saman i par og samarbeid om å lage gode forklaringar til begge målgrupper, basert på begge sine bidrag.
CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2019

Læringsressursar

Kva er kommunikasjon?