Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Roller i kommunikasjonen

Oppgåve 1

Kven har kva for ei rolle?

Sjå på døma nedanfor. Kven har likeverdige roller her, kven har ei underordna rolle, og kven har ei dominerande rolle?

  1. Du vert vekt av mora di.
  2. Du ber broren din verte ferdig på do.
  3. På veg til bussen spør du ei dame du ikkje kjenner, om kva klokka er.
  4. Ein kamerat spør om du kan hjelpe han med ei engelskoppgåve.
  5. Læraren vil høyre deg i leksa du ikkje har gjort.
  6. Du er leiar for elevrådet og opnar allmøtet.
  7. Du har eit godt auge til nokon i parallellklassen og vil be han eller henne med på kino.

Oppgåve 2

Private roller, offentlege roller og yrkesroller

Bileta i biletkarusellen under viser ti ulike kommunikasjonssituasjonar. Sjå nærmare på rollene til dei ulike personane:

  • Har dei private roller, offentlege roller eller yrkesroller?
  • Har dei overordna, underordna eller likeverdige roller?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2018

Læringsressursar

Kva er kommunikasjon?