Oppgåve
Enkel kommunikasjonsøving
Del klassa inn i grupper på to elevar. I kvar gruppe får ein elev rolla som avsendar og den andre eleven rolla som mottakar. Elevane plasserer seg med ryggen mot kvarandre. Avsendaren ser på dataskjermen, mottakaren har berre penn og papir.
Avsendarer opnar biletet nedanfor (bilete 1) og skildrar dette for mottakaren. Mottakaren teiknar det biletet avsendaren skildrar slik han oppfattar det.
Avsendarer skildrar igjen same bilete (bilete 1), men mottakaren kan no stille spørsmål og få svar på desse frå avsendaren. Mottakaren teiknar eit nytt bilete basert på denne informasjonen.
Avsendaren opnar eit nytt bilete (bilete 2) og skildrar dette for mottakaren. Mottakaren teiknar biletet avsendaren skildrar, slik han oppfattar det.
- Kva skjedde med oppfattinga av bilete 1 då mottakaren fekk høve til tovegskommunikasjon?
- Samanlikn teikninga av bilete 1 og bilete 2. Kvifor var det lettare for mottakaren å oppfatte skildringa av det siste biletet?
- Bytt gjerne roller og gjenta same øvinga med andre bilete som utgangspunkt.
Relatert innhald
Fagstoff
Kommunikasjon og kommunikasjonsformerKommunikasjon betyr å gjere noko felles. Vi kommuniserer ved hjelp av språk og visuelle teikn.