Hopp til innhald
Fagartikkel

Årshjul for praktisk arbeid med kommunikasjon i yrkesfag

I arbeidet med kundar treng elevane å lære om kommunikasjon og kroppsspråk. Kine Grønning Kraft og Marianne Wentzel har utvikla ein metode for opplæring i dette, som no har vorte til eit systematisk årshjul for bruk av drama på yrkesfag.

Kine Grønning Kraft og Marianne Wentzel er yrkesfaglærarar i frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign. Dei har utvikla eit årshjul med systematisk arbeid med kommunikasjon i yrkesfag. Ein viktig del av dette er å bli klar over kroppsspråk og dobbeltkommunikasjon. Kraft har bakgrunn som blomsterdekoratør og Wentzel som frisør. Dei har har retta innhaldet til desse yrkesfaga, men du kan tilpasse øvingane til andre yrke.

  • Årshjul for praktisk arbeid med kommunikasjon

  • Metoden har ei leiken tilnærming. De treng ikkje bruke lang tid på øvingar kvar gong, men bør jobbe med temaet over tid. Dette arbeidet er bra både for det sosiale og faglege miljøet i klassen. Ver kreativ med korleis du kan bruke fagleg innhald frå yrkesretninga di.

    Høyr Kine Grønning Kraft fortelje om metoden i podkasten: Rekk opp handa! Korleis bruke drama i yrkesfagopplæringa?