Hopp til innhald

Fagstoff

Slik får vi betre diskusjonar

Det finst gode diskusjonar og dårlege diskusjonar. Korleis kan du bruke kroppsspråk og verbalspråk for å løfte nivået på diskusjonane i klasserommet og elles?
Programleiar stiller spørsmål til Erna Solberg og Jens Stoltenberg. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I klasserommet skal det vere rom for å diskutere, og munnleg kommunikasjon er eitt av hovudområda i norskfaget. Men har du nokon gong tenkt over kva som skil gode frå dårlege diskusjonar? Her skal vi sjå på kva du kan gjere for å bidra til eit godt debatt-klima, og ikkje overraskande handlar mykje om å vere klar over korleis vi kommuniserer med kvarandre.

Kamp eller samarbeid?

Det er ein fordel å prøve å sjå på han du diskuterer med som ein samarbeidspartnar, ikkje ein motstandar. Dette kan òg gjere at vi behandlar kvarandre med meir respekt, noko som også bidreg til eit betre debattklima. Det er viktig å understreke at det er lov å vere ueinige med andre i diskusjonar. Ulike synspunkt er verdifulle i ein diskusjon. Du må berre tenkje over korleis du uttrykkjer ueinigheit. Personangrep og latterleggjering er svært dårlege strategiar i ein diskusjon, men noko som er lett å ty til når du er sterkt ueinig med samtalepartnaren.

Tenk over

Korleis kan du uttrykkje ueinigheit i ein diskusjon utan å angripe motstandaren?

Eit annleis debattprogram

NRK-programmet "Einig" er eit annleis debattprogram som byggjer på tanken om at vi kjem lenger viss vi ikkje diskuterer for å vinne. Her kan du sjå politiske motstandarar snakke saman om tema som abort, klima og innvandring. Kva skjer når dei må lytte til kvarandre utan å avbryte?

NRK TV: "Einig".

Samtale eller einvegskommunikasjon?

Ved å lytte til kvarandre sine innspel og byggje vidare på det andre seier, kan vi komme ut av ein diskusjon med meir kunnskap enn når vi gjekk inn i han. Men det hender at vi blir så oppsette på å få fram vårt syn, at vi ikkje høyrer på det partnaren har å seie. Då snakkar vi lett forbi kvarandre, det blir ei form for einvegskommunikasjon, og ikkje dialog. Viss målet er å sleppe til utan omsyn til kostnaden, er det òg lett å avbryte, noko som kan skape sinne og frustrasjon.

Tenk over

  • Når lærte du noko sist ved å diskutere eit tema med andre?
  • Korleis kjennest det å bli avbroten i ein diskusjon?

Vi lyttar med heile kroppen


Viss du er klar over kroppsspråket ditt, kan du bli ein betre diskusjonspartnar. Å lene seg bakover med armane i kors gir eit avvisande inntrykk. Viss du er framoverlent med lause armar, signaliserer du openheit til ideane til motparten. Når du nikkar medan nokon snakkar, viser du at du lyttar. Dette gjer vi ofte ubevisst i samtalar der vi samarbeider.

Tenk over

Blir diskusjonar betre av at vi lærer korleis vi kan sjå ut som vi lyttar, sjølv om vi ikkje gjer det?

Oppfølging og oppklaring

Du kan òg vise at du har høyrt og forstått det motparten har sagt, ved å gjenta eller oppsummere hovudpoenget deira før du kjem med utspelet ditt. Døme på frasar som du kan bruke er:

  • Så det du seier er at ...
  • Har eg tolka det rett at du meiner...

Ved å stille oppfølgingsspørsmål får vi ofte ein meir nyansert diskusjon. Viss du ber samtalepartnaren din forklare eller utdjupe det som blir sagt, unngår de kranglar på grunn av misforståingar. Døme på oppfølgingsspørsmål du kan bruke er:

  • Kan du forklare kva du legg i ordet...?
  • Kan du fortelje meir om...?

Tenk over

  • Er det vanleg å stille oppklarande spørsmål eller oppfølgingsspørsmål i klasserommet ditt?
  • Korleis kjennest det når den du snakkar med, ber deg fortelje meir om noko?
CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 15.08.2019

Læringsressursar

Kva er kommunikasjon?