Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Arbeidsoppdrag

Trinn 1: Utarbeide pristilbod

I denne delen av prosjektet skal du finne ut kva slags materiell du treng, og utarbeide eit pristilbod til kunden din.
Ei jente jobbar med ei prosjektbeskriving på PC. Foto.

I første omgang skal du utarbeide eit pristilbod. Du kan bruke den vedlagde tilbodskalkylen for å berekne pris på installasjonen. Noko av utstyret som trengst, er allereie lista opp. Suppler med prisar på materiell og talet på timar som vil bli nødvendig for jobben.

PS: Det tek ein time å køyre frå kontoret, og det er ein avstand på 20 kilometer kvar veg.

Korleis forstå den vedlagde priskalkylen i Excel?

Verdiane i dei gule felta kan endrast. Vi gjer det enkelt i denne omgangen og fyller inn prisar berre for materiell, timar og reise. Timeprisane har ikkje vorte oppdaterte sidan 2014, så dei bør regulerast til dagens nivå. Priskalkulatoren til Statistisk sentralbyrå kan brukast for å rekne prisane om til dagens verdi.

Filer

Korleis finne rett pris på materiellet?

Materiellprisar som du finn fritt tilgjengeleg på nettet, vil vere noko høgare enn innkjøpsprisen til ein installatør. For å få ein riktigare installatørpris i dette tilfellet, kan du trekke frå 25 prosent på prisane du finn på komponentane. I tillegg kan du trekke frå mva. (meirverdiavgift) på 25 prosent. Pris til bedrifter pleier å bli oppgitt utan mva. Dermed kan du trekke frå 50 prosent av prisen på komponentane for å finne omtrentleg kostpris.

Korleis finne rett avanse?

Kor stor avanse du vel å bruke, er opp til deg, men hugs at denne skal dekke kostnader som kan komme ved eventuelle reklamasjonar. Bedrifta di pleier å bruke ein avanse på 30 prosent i denne typen tilbod.

Kva bestemmer storleiken på avansen?

Avansen som blir brukt på kostpris i det verkelege arbeidslivet, vil gjerne variere basert på

  • kor stor konkurranse det er om jobben

  • kva varer det er snakk om

  • kor stor risikoen for reklamasjonar er

Det kan også vere andre uventa forhold som kan føre til auka kostpris.

Kva treng ein å vite før ein kan finne pris på kablar og komponentar?

For å bestemme storleik på kablar og komponentar treng ein først å vite kor mykje straum motorane trekker under full drift. Deretter kan ein finne kabeltverrsnitt og -vern.

Berekning av straum (ampere)

Innkjøparen i firmaet ditt har gjort nokre berekningar. Han meiner at kvar motor har ein Ib (belastningsstraum) på 30 A, og at ein derfor treng ein kabel med kvadrat på 10 mm2 til kvar enkelt motor.

Ettersom innkjøparen er overarbeidd og veldig surrete for tida, kan det vere lurt å gjere ei kontrollberekning av Ib (belastningsstraum) og kabeltverrsnitt. Om du ikkje får til berekningane, kan du bruke verdiane som innkjøparen har oppgitt.

Framgangsmåte for å utføre motorberekning finn du i den relaterte artikkelen nedanfor.

Relatert innhald

Med utgangspunkt i merkeskiltet på motoren lærer du her korleis du bereknar eit motoranlegg.

Skal vi byggje sikre elektriske anlegg, må vi berekne tverrsnitt på kablane vi skal bruke. Her syner vi deg framgangsmåten.

Kabel av typen kan vere eit godt val for tilførslar til motorar i dette tilfellet. For faste installasjonar er det vanleg å bruke kablar med nemninga PFSP. PFSP med koparskjerm eignar seg spesielt godt for industrimontasje, men det finst også andre relevante kablar ein kan velje, som til dømes .

Sluttprodukt trinn 1

Lever priskalkyle og eventuelt straum- og kabelberekning til læraren for kvalitetskontroll.

CC BY-SASkrive av Fred Berglyd.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022