Hopp til innhald
Fagartikkel

Motorberekning

På motorskiltet finn vi som nemnt storleikar vi har behov for når vi skal kjøpe inn ein motor til eit anlegg. Spenninga motoren skal knytast til, står på merkeskiltet.

Dersom motoren skal koplast til eit 400 V-nett, må viklingssettet for motoren koplast i stjerne. Då får kvart sett 230 V og vil fungere normalt. Dersom nettet er 230 V, skal motoren koplast i trekant.

Effekten i motoren

Effekten i motoren er òg viktig. Det er den effekten motoren gir frå seg, som blir oppgitt, den effekten vi får ut «på akslinga». Ut frå den effekten kan vi rekne ut dreiemomentet til motoren, dvs. kor stor belastning motoren kan klare. Momentet kan vi finne ved hjelp av formelen

M=Pa·602πn,

der Pa er den effekten vi får på motorakslinga, n er farten på motoren, og π er ein konstant (ca. 3,14).

Momentet måler vi i Nm (newtonmeter).

Tilført effekt

Den tilførte effekten kan vi berekne etter formelen

Pt=3·U·I·cosφ,

der U er spenninga motoren er kopla til, I er straumen motoren trekkjer, og cosφ er effektfaktoren. Den produserte effekten til ein motor vil alltid vere mindre enn den effekten motoren får tilført. Motoren «mistar» effekt både i leidningane til viklingane, i magnetiseringskrinsen og i luft- og lagermotstand. Eit mål på kor god motoren er til å overføre den tilførte effekten til akslingane, kallar vi verknadsgraden, dvs. forholdet mellom tilført effekt og utgåande effekt:

η=Pa/Pt

Eksempeloppgåve

Ein trefasa asynkronmotor er merkt med utgåande effekt på Pa = 650 W. Motoren er kopla til ei spenning på 230 V og trekkjer ein straum på 2,5 A.

  1. Kor stor er den tilførte effekten motoren trekkjer frå nettet?
  2. Kor god er verknadsgraden η?

Løysing

a. Den tilførte effekten motoren trekkjer frå nettet:

Pt=3·U·I·cosφ=3·230·2,5·0,8= 796,7 W

b. Verknadsgraden til motoren:

η=PaPt=650796,7=0,82

CC BY-SA 4.0Skrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2017