Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Arbeidsoppdrag

Trinn 3: Innkjøp av materiell

Berekraftig gjenvinning AS har inngått rammeavtale med Fabelaktig elektro AS, og ønsker at jobben blir utført etter brukt tid og materiell i tråd med rammeavtalen. Det betyr at de må tilpasse oppdraget til det utstyret de har tilgjengeleg, og levere oppdatert utstyrsliste.
To hender utvekslar eit handtrykk. Foto.

Gratulerer, Fabelaktig elektro AS fekk oppdraget!

No skal vi gå over frå eit tenkt scenario (gjenvinningsanlegg) til å tilpasse prosjektet til utstyret de faktisk har i klasserommet. Det viser seg også at installasjonen har vore overdimensjonert i forhold til behovet. For å spare energi vil kunden redusere motorstorleiken drastisk. Kunden kan klare seg med den motorstorleiken som du har i klasserommet. I tillegg kan tavla plasserast rett ved transportbanda, slik at det ikkje blir behov for lange kablar.

Kunden ønsker at jobben blir sett i gang så fort som mogleg. Med dagens situasjon må avfallet køyrast langt av garde til eit anna gjenvinningsanlegg. Det er ikkje berekraftig, og det er svært kostbart. For kvar dag anlegget ikkje er i drift, medfører det ein ekstrakostnad for Berekraftig gjenvinning AS på 100 000 kroner.

For å få raskare framdrift på jobben, kan det vere fornuftig å samarbeide med fleire på oppdraget framover.

Ofte vil ein prosjektere ferdige skjema først og deretter skaffe materiell. Ettersom det hastar, byrjar du med å finne materiell. Om ein ikkje har nødvendig materiell tilgjengeleg på lager, må dette setjast i bestilling fortast mogleg.

NB: Det er viktig å få til mest mogleg gjenbruk når dette oppdraget skal koplast (i klasserommet). Sjå om du kan finne brukte leidningar og kablar før du eventuelt tek i bruk noko nytt.

Sluttprodukt trinn 3

Dersom det er mogleg og ønskeleg, er du no ein del av eit team som skal løyse dette oppdraget saman. De leverer ei oppdatert utstyrsliste som også inneheld motorar. Sei frå til læraren dersom de manglar utstyr til å gjennomføre oppdraget.

CC BY-SASkrive av Fred Berglyd.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022