Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Prosjekt gjenvinningsanlegg

Arbeidsoppdrag

Trinn 9: Sende rekning og samsvarserklæring

No som oppdraget er utført, er det på tide å sende rekning og utferde samsvarserklæring.

Når arbeidet er ferdig utført og testa, er det på tide å sende rekning og overlevere dokumentasjonen som kunden har krav på.

Her kan du lese meir om samsvarserklæring og finne ein mal du kan nytte: Samsvarserklæring - Energi- og styresystem (EL-ELE vg1) - NDLA.

PS: Paragraf 12 i FEL (forskrift om elektriske lavspenningsanlegg) seier noko om krava til dokumentasjon og samsvarserklæring.

Sluttprodukt trinn 9

Lever ei rekning som inneheld det følgande:

  • opplisting med pris for materiellet som er brukt (småmateriell som endehylser, skruar og liknande kan prisast med ein samla cirkasum)

  • kostnader for timar for alle i teamet

Ettersom rekninga er basert på det som er brukt av tid og materiell, er det naturleg å ta med enkeltprisar. Ikkje skriv berre ein samla sum for heile jobben.

Lever også ei samsvarserklæring basert på malen du finn via lenka ovanfor.

CC BY-SA 4.0Skrive av Fred Berglyd.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022