Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Prosjekt gjenvinningsanlegg

Arbeidsoppdrag

Trinn 8: Levere ferdig anleggsdokumentasjon

Lag ei kort brukarrettleiing for kunden. Rettleiinga bør innehalde informasjon om tvungen startrekkefølge og kva lampene indikerer.

På eit nytt anlegg til industrien ville ein levert datablad på komponentane i anleggsdokumentasjonen, men ettersom denne oppgåva i praksis blir gjennomført på ein skule, kan vi droppe det her.

Har de gjort endringar i koplingsskjemaa undervegs? Sørg for at alt er 100 prosent oppdatert. Lever deretter det følgande:

  • brukarrettleiing

  • styrestraumskjema

  • hovudstraumskjema

  • arrangementsteikning

  • rekkeklemmetabell

Sluttprodukt trinn 8

Oppdater timelista.

Lever komplett dokumentasjon til læraren.

CC BY-SA 4.0Skrive av Fred Berglyd.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022