Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Prosjekt gjenvinningsanlegg

Arbeidsoppdrag

Trinn 2: Lage tilbodsbrev

Berekraftig gjenvinning AS ønsker også tilbod på ein rammeavtale med timeprisar og fast avanseprosent for materiell.

No skal du lage eit tilbodsbrev til kunden. Tilbodsbrevet skal innehalde eit komplett prisoverslag for materiell og utført arbeid.

Oppgi det følgande i tilbodsbrevet (basert på berekna pris i reknearket):

  • fastpris for alle arbeidstimar utan meirverdiavgift (ekskl. mva.)

  • fastpris for alt materiell ekskl. mva. (det er ikkje vanleg å ta med prisen for kvar enkelt komponent på fastprisoppdrag, oppgi heller totalsummen)

  • ei opplisting av kva som er teke med i tilbodet

Lever pristilbod på rammeavtale med det følgande:

  • timepris på eventuelle ekstraarbeid

  • påslag på materiell

  • pris per oppmøte med firmabil

  • pris for reisetid per person

Har det noko å seie om eit tilbodsbrev blir levert innan fristen?

Vi kan tenke oss at dette var eit offentleg anbod, ettersom gjenvinningsanlegg ofte er kommunale. Slike anbod blir forkasta dersom dei blir leverte etter fristen. I arbeidslivet er det generelt viktig å overhalde fristar.

Sluttprodukt trinn 2

Skriv eit tilbodsbrev og send det til læraren. Dette kan kanskje norsklæraren din hjelpe til med?

CC BY-SA 4.0Skrive av Fred Berglyd.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022