Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Prosjekt gjenvinningsanlegg

Arbeidsoppdrag

Trinn 5: Kopling i skapet

Risikovurderinga og dei nødvendige teikningane er no ferdige og godkjende. Neste steg er å kople ferdig styreskapet til anlegget dykkar.

Start med å merke komponentane. Pass på at alle i teamet får delta med oppkopling.

Følg godt med på teikningane etter kvart som de koplar. Dersom koplinga blir endra i forhold til det de har på skjemaet, må teikningsunderlaget rettast opp. Det gjeld også dersom nummermerkinga på komponentane ikkje stemmer med teikninga.

Når ein skal levere ei ny tavle, er det vanleg å gjere all intern kopling på ein tavleverkstad. Deretter blir tavla tilkopla perifere komponentar på anlegget via rekkeklemmer.

Prøv å kople ferdig tavla utan å kople til komponentane utanfor tavla.

Sluttprodukt trinn 5

Oppdater timelista.

Lever den ferdig kopla tavla. Læraren gjennomfører ei kvalitetssikring av tavla.

CC BY-SA 4.0Skrive av Fred Berglyd.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022