Skriftleg oppgåve: Demokrati, mediesystem og mediemangfald
Målet med oppgåva er
å vise at du kjenner til sentrale trekk ved internasjonal mediestruktur
å vise at du forstår samanhengen mellom mediesystemet og styresettet i eit land
å vise at du kan reflektere over samanhengen mellom eigarskap, mediesystem, ytringsfridom og demokrati og om internasjonal mediepolitikk
Forklar desse omgrepa og gi døme:
demokratisk styresett
autoritært styresett
totalitært styresett
mediesystem
mediemangfald
Lag eit fakta-ark som kan hengjast opp i klasserommet.
Fakta-arket skal bestå av ei overskrift, ein ingress og ein tabell som i stikkordsform viser dei viktigaste forskjellane mellom mediesystema i land med demokratisk styresett, autoritært styresett og totalitært styresett.
I norsk mediepolitikk er det viktig å sikre at vi har mediemangfald. Dette er grunngitt med at mediemangfald styrkjer demokratiet og ytringsfridommen.
Drøft i kva grad eigarkonsentrasjon i den internasjonale mediemarknaden er eit demokratisk problem, og om mediemangfald alltid er ein garantist for ytringsfridom.
I drøftinga skal du vise til døme frå ulike land.
Relatert innhald
Ein medieideologi eller eit mediesystem er ein modell som beskriv rolla til media i eit samfunn.
Internasjonal mediepolitikk handlar om forholdet mellom medium og styresmakter og om regulering av eigarforhold og distribusjon.