Introduksjon
CC BY-SA 4.0
Ein viktig del av mediepolitikken i eit land handlar om forholdet mellom medium og styresmakter. Lær om ulike mediesystem og samanhengen mellom mediesystem og demokrati.
Når du har jobba med denne læringsstien, skal du
- kjenne til ulike mediesystem, og korleis desse blir praktisert rundt om i verda
- kunne beskrive skilnaden mellom offisiell og reell mediepolitikk i USA og Russland
- forstå kvifor mangfald og avstand mellom medium og styresmakter er viktige demokratiske prinsipp