Hopp til innhald

Fagstoff

Barn som ikkje deltek i leiken

Nokre barn og unge strever med å delta i leiken, å komme inn i leiken eller blir haldne utanfor leikefellesskapen. Som barne- og ungdomsarbeidar blir jobben din å ta vare på dei som hamnar utanfor leiken. Då er det viktig at du veit kva som kan vere årsaka til at nokre barn ikkje får til leiken.
Ei lita jente står aleine og titter ut av vindauget på puterommet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor er det nokre barn som fell utanfor leiken?

I barnehagar, skular, SFO, klubb og bustader vil vi møte barn og unge som ikkje er med i leiken. Vi veit at for at barn og unge skal trivast og oppleve meining med livet, er det avgjerande at dei får delta i leik saman med andre.

Det vi skal snakke om her, er dei barna og unge som ikkje veit heilt korleis dei skal leike. På lik linje med alt anna barn og unge skal lære, må òg leik lærast. Det er oppgåva og ansvaret til dei tilsette å hjelpe og støtte barn og unge til å leike og få oppleve samhøyr med dei andre barna. Derfor må du vite kva som kan vere årsaka til at nokon ikkje meistrar leikeferdigheitene, og ut i frå dette hjelpe dei.

Utrygge barn

Barn og unge kjem til barnehagen, SFO og klubb med ulike erfaringar. Nokon er trygge og kastar seg ut i leiken, mens andre barn viser at dei er utrygge. Eit utrygt barn trekker seg vekk frå dei andre og held seg mest for seg sjølv. I nokre tilfelle kan dei søke til vaksne og vil gjerne sitje mest mogleg på fanget, i andre tilfelle kan dei avvise vaksne. Då er det viktig at du skaper ein tryggleik rundt barnet. Dette gjer du ved å vise at du ser, forstår og anerkjenner dei kjenslene barnet viser med kroppsspråket sitt. Til dømes kan du seie "Eg såg at du leika med Tommy, og eg trur du syntest det var gøy, for du smilte og lo. Eg veit at Tommy liker å leike med deg", eller "Eg såg at Kari tok frå deg spaden, og eg trur du ikkje likte det, for auga dine vart lei seg. Det er lov til å seie ifrå at du vil ha spaden tilbake".

Vanskar med å forstå leikespråket

Barn eller unge kan falle ut av ein leik fordi dei ikkje forstår kommunikasjonen som går føre seg i leiken. Det kan vere mange grunnar til at dei ikkje forstår leikespråket, og oppgåva di blir å hjelpe dei til å forstå kva som blir sagt i leiken. Ofte kan dette vere eit problem for barn som har eit anna morsmål eller har vakse opp i ein annan kultur, men det kan òg gjelde barn med språkvanskar. For at du skal hjelpe dei, er det viktig at du sjølv er klar over korleis den språklege kommunikasjonen din er. Av og til kan det vere naudsynt at du lærer deg språklege omgrep frå barnet si verd.

Manglande forståing for leikesignala

I leiken har barn og unge ulike signal. Desse signala heng ofte saman med kva barn og unge har opplevd, og korleis dei forstår verda. Tenk deg ei gruppe barn som leiker at dei er hos tannlegen. Eit av barna har aldri vore hos tannlegen og veit derfor ikkje kva som skjer der. Då treng barnet hjelp til å tolke signal frå dei andre barna i leiken, forstå kva som skjer, og få oversikt i leiken. I tillegg har den vaksne ansvaret for å hjelpe barnet som ikkje forstår signala i leiken, med å formidle tankane, meiningane og ønska sine til dei andre. Det hjelper dei andre barna til å forstår kvifor barnet ikkje klarte å vere med i denne leiken. Til dømes kan du seie "Eg ser at Ibo ikkje heilt veit kva som skjer når vi går til tannlegen. Han har aldri vore hos tannlegen. Kan de fortelje litt om korleis det er å vere hos tannlegen? Korleis synest de det er å vere der?" Kanskje dei kan lære å gi kvarandre erfaringar som bidreg til at alle får styrkt leikekompetansen sin i tannlege-leiken.

Manglande sosial kompetanse

Sosial kompetanse er ein føresetnad for å delta i leik. Det betyr at barnet må tileigne seg sosial kompetanse for å få til leiken. Dersom eit barn styrer andre barn og heile tida vil bestemme, vil dei andre bli lei av å leike med han eller ho. Nokre barn blir jamleg avviste frå leik eller ignorerte. Andre barn får tildelt passive og uattraktive roller i rolleleik. Dersom barn ikkje klarer å hevde seg sjølv eller ikkje klarer å kontrollere seg sjølv, treng dei hjelp av deg. "Eg ser at du ikkje likte at Jens sa at du skulle vere hund. Stemmer det?" Viss barnet stadfestar det du har sett, kan du ved hjelp av rollespel saman med barnet lære barnet å hevde seg sjølv.

Sosial kompetanse handlar om evna til å handle føremålstenleg saman med andre menneske i ulike situasjonar. Det betyr at det må opplevast positivt for barnet sjølv, samtidig som barnet er ein positiv bidragsytar for fellesskapen. Institusjonar der barn og unge ferdast, skal legge til rette for at barn kan danne venskap og gode relasjonar.

Hugs at allereie i fire–femårsalderen er barn i stand til å setje seg inn i korleis andre tenker, og forstå at andre har andre behov. Dette er det viktig at du veit, slik at du i samtale med barn kan forvente at dei forstår behova til andre. Det betyr ikkje nødvendigvis at dei er samde, men dei må tolerere det.

Psykiske lidingar og fysiske funksjonsnedsetjingar

Nokre barn har psykiske lidingar som gjer at det blir utfordrande for dei å leike med andre barn. Det kan vere lidingar som angst, konsentrasjonsvanskar, autismespekterforstyrringar, eteforstyrringar, inneslutta åtferd og aggresjon. Vi veit at det å ikkje få delta i leiken kan føre til psykiske lidingar seinare i livet, samtidig som vi veit at barn som har psykiske lidingar, slit med å få innpass hos andre barn.

Barn og unge med fysiske funksjonsnedsetjingar kan òg ha utfordringar knytte til å ta del i leiken. Å vere blind, ha nedsett høyrsel, sitje i rullestol eller ha andre funksjonsnedsetjingar krev ei personalgruppe som legg det fysiske og psykiske miljøet til rette med tanke på kor viktig det er å oppleve samhøyr i leiken. På nettsida til Frambu kompetansesenter for sjeldne diagnoser kan du lese om ulike funksjonsnedsetjingar og få tips til korleis du kan ta vare på kvart enkelt barn.

Utfordringar til deg

  1. Tenk på dei barna som slit med å leike der du er i praksis. Kva årsaker kan du tenkje deg at det er til at dei slit med leiken? (Ikkje nemn namn, då det er underlagt teieplikt.)
  2. Kva fordelar og ulemper kan det ha å legge til rette for leik i små grupper rundt barn som har vanskar knytte til å leik?
Kjelder

Hansen, S. M. (2018, 4. oktober). Utestengning og inkludering i barns lek. Utdanningsnytt. https://www.utdanningsnytt.no/fagartikkel-spesialpedagogikk/utestengning-og-inkludering-i-barns-lek/110281

Pape, K. (2013). Jakten på den gode barndom: lekende og inkluderende miljø i barnehagen. Kommuneforlaget.

Pettersen, J. R. (2020, 22. oktober). Innenfor og utenfor – barns relasjoner, voksnes ansvar. https://www.barnehageforum.no/artikkel.osp?artikkelid=6241

Utdanningsdirektoratet. (2018, 8. mars). Barns trivsel – voksnes ansvar. 7: Barns samspill i lek. https://www.udir.no/laring-og-trivsel/stottemateriell-til-rammeplanen/trivselsveileder/7-barns-samspill-og-lek/

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2021

Læringsressursar

Leik og kva leiken har å seie