Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjonsoppgåve om sosialisering

I denne todelte oppgåva arbeider du med omgrep og teoriar knytte til sosialisering og reflekterer over svaret ditt i form av ein refleksjonsvideo. Byrj med å studere vurderingskriteria – der finn du kjenneteikn for måloppnåing.
Kvinne ser opp og tenkjer med illustrasjon på tanker bak. Foto og illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filer

Oppgåve

1. Vel eitt tema:

  1. Ungdom og sosialisering i det 21. hundreår.
  2. Frå barndom til alderdom – sosialiseringsarenaer gjennom livet.
  3. Sosialisering i to ulike kulturar.

2. Når du har valt tema, har du tre ulike måtar du kan løyse oppgåva vidare på. Vel éin av dei:

  1. Formuler ei problemstilling ut frå ditt valde tema. Problemstillinga kan avgrense eller spisse tema. Vel relevant teori som du bruker for å drøfte problemstillinga.
  2. Vel ein teori som belyser ditt valde tema og drøft teori ved bruk av konkrete døme.
  3. Finn eitt eller to døme som er relaterte til tema og drøft døma med hjelp av relevant teori.

3. Med utgangspunkt i val av tema og oppgåveform vel du korleis du vil levere ferdig svar på oppgåva, a eller b:

  1. Skriv ein tekst på 1500–2000 ord.
  2. Lag ein munnleg presentasjon på maksimum 10 minutt. Presentasjonen kan anten haldast for lærar/klassen eller spelast inn og blir levert til lærar.

Tips til oppgåveløysinga:

  • I oppgåva er det viktig å bruke relevant teori og fagomgrep. Studer vurderingskriteria nøye før du går i gang.
  • Vel relevante kjelder som du treng for å jobbe med ditt valde tema i tillegg til teori. Her er det viktig å utøve kjeldekritikk og ha gode søkjeteknikkar for å finne kjelder som "treffer" temaet ditt.
  • Repeter og studer relevante omgrep knytte til "sosialisering" og bruk relevante fagomgrep aktivt i presentasjonen din.
  • I verktøykassa finn du fleire nyttige tips om kjeldebruk, kjeldekritikk og digitale verktøy du kan bruke for å presentere.
Relevante omgrep sosialisering
  • sosialisering, primær- og sekundærsosialisering
  • roller, rollekonflikt
  • normer, formelle og uformelle
  • normsendarar
  • identitet
  • internalisering
  • sosial kontroll, sanksjonar
  • kjønnsroller
  • funksjonstapping
  • kulturell frisetjing
  • kultur, subkultur
  • prefigurativ sosialisering

Forslag til relevante teoriar

Dette er forslag til teoriar som kan vere relevante for svaret ditt. Du kan sjølvsagt velje andre! I lenkjene under finn du ein introduksjon til ulike teoretiske perspektiv knytte til sosialisering.

  1. Margaret Mead
  2. George Mead
  3. Erving Goffman
  4. Thomas Ziehe

Refleksjonsvideo

Når svaret ditt er ferdig, skal du lage ein refleksjonsvideo der du gjer greie for korleis du valde å løyse del 1. Refleksjonsvideoen skal vere maks 10 minutt, og her skal du reflektere over både val av innhald, korleis du strukturerte del 1, bruk av fagspråk, og korleis du vurderer arbeidet ditt ut frå vurderingskriteria. Du kan bruke punkta under – nokon eller alle – for å reflektere over svaret ditt.

  • Kvifor valde du nettopp desse teoriane/denne teorien? Var det nokon andre du valde bort og kvifor?
  • Korleis gjekk du fram når du skulle velje kjelder?
  • Viss du hadde døme med, kvifor valde du nettopp desse døma?
  • Kva opplevde du eventuelt som vanskeleg i oppgåveløysinga, og korleis valde du å løyse det?
  • Viss du hadde ei problemstilling: Har presentasjonen din svart på problemstillinga? Var det noko du ønskte å ta med, men som du ikkje fekk plass til?
  • Korleis vurderer du svaret ditt ut frå vurderingskriteria?
  • Kva lærte du gjennom å jobbe med denne oppgåva?

Lever både svaret (tekst eller munnleg presentasjon) og refleksjonsvideo til faglærar. Den munnlege presentasjonen kan anten spelast inn eller du kan framføre han føre lærar og/eller medelevar.

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 02.10.2020

Læringsressursar

Sosialiseringsprosessen