Min utviklingsøkologiske modell - Pedagogisk arbeid (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Min utviklingsøkologiske modell

Korleis er livet ditt i dag? Kva miljø påverkar du, og kva blir du påverka av? Dei sosiale og miljømessige faktorane i miljøet du veks opp i, påverkar deg og utviklinga di.

Del 1. Beskriv mikronivået ditt

  1. Kven er du?

    • Kva heiter du?

    • Kor gammal er du?

    • Kva er kjønnet ditt?

    • Beskriv helsetilstanden din (fysisk og psykisk)

    • Kvar bur du?

    • Korleis er nabolaget ditt?

    • Kven er venene dine?

  2. Kven er i familien din?

    • mor, far, søsken, besteforeldre, andre slektningar, andre nære familiar, indre buforhold, ytre buforhold, økonomien din og familien din sin, andre viktige personar

  3. Institusjonar

    • arbeidsplass til foreldre eller føresette, arbeidsplassen din, skulen, fritidsaktivitetar, kyrkjesamfunn, idrettslag og liknande

  4. Sosiale medium som du nyttar.

  5. Eventuelt anna som er på mikronivået ditt.

  6. Kva normer, verdiar, skikkar og tradisjonar er du vakse opp med?

Del 2. Beskriv mesonivået ditt

På mesonivået ser du på korleis dei ulike arenaene i mikronivået speler saman, og korleis det påverkar deg. Beskriv korleis forholdet er mellom dei følgjande:

  • føresette og skulen

  • føresette og vener

  • vener og skulen

  • føresette og arbeidsplassane deira

  • føresette og fritidsaktivitetane dine

  • venene dine og arbeidsplassen din

  • venene dine og fritidsaktivitetane dine

  • fritidsaktivitetane dine og skulen din

  • fritidsaktivitetane dine og arbeidsplassen din

  • eventuelt anna

Del 3. Beskriv eksonivået ditt

På eksonivået finn du dei arenaene som du som regel ikkje er i direkte kontakt med, men som likevel påverkar deg. Nokre døme er PPT, BUP og barnevernstenesta. Kva arenaer tenkjer du påverkar deg indirekte?

  • arbeidsplassen til foreldre/føresette

  • kva for nokre kommunale tilbod du tek i bruk

  • kommuneøkonomien

  • kva for nokre private tilbod du tek du i bruk

  • kva for nokre statlege tilbod du tek du i bruk

  • kollektivtrafikk

  • eventuelt anna

Del 4. Beskriv makronivået ditt

På makronivået ligg verdisett, tradisjonar, økonomiske forhold, klassestrukturar, kultur og nasjonale ideologiar. Det inkluderer lovverk og politikk. Faktorar på dette nivået vil påverke alle dei andre nivåa (mikronivå, mesonivå og eksonivå). Beskriv korleis du blir påverka av det følgjande:

  • politiske system

  • helsevesen

  • utdanningssystem, læreplanar

  • rettsvesen, lover

  • norske tradisjonar

  • norske trussystem

Del 5. Krononivå/kronosystem

Krononivået blir av og til inkludert i modellen og handlar om tidsdimisjonen i livet ditt. Det kan vere at du har opplevd noko som alltid vil følgje deg gjennom livet ditt. Til dømes skilsmissa til foreldre, dødsfall i nære relasjonar, krig, flukt, pandemiar, skulereformer, helsereformer.

  1. Kva har du opplevd i livet ditt som alltid vil vere ein del av livshistoria di?

  2. Lag ei tidslinje og set inn dei ulike hendingane.

Skrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2021